Er ikkje nynorskungar norske?

… spør Noregs Ungdomslag etter at NRK Super valde å laga ei tevling i spørjeprogrammet Superkviss der deltakarane skulle gissa om ord var nynorsk eller svensk. Les meir hjå NU.

Posted in Medienytt | Leave a comment

Giske til kontrollkomiteen?

Framstegspartiet er ikkje nøgd med orienteringa Giske gav om TV2-salet, og ønskjer saka inn for kontroll- og konstitusjonskomitéen på Stortinget. Les meir i Dagsavisen.

Posted in Medienytt | Tagged , | Leave a comment

Egmont kjøper TV2

Det danske mediekonsernet Egmont kjøper A-pressen sin del av TV 2, og dimed heile mediehuset. Dei tilsette røysta mot framlegget. Egmont lovar at oppkjøpet ikkje kjem til å ha noko å seia for profilen til TV2. Til Kampanje seier Hans J. Carstensen, styreleiar i TV 2 og finansdirektør i Egmont: “– Som eiere stiller vi oss hundre prosent bak TV 2s avtale med den norske stat, som innebærer at TV 2 er allmennkringkaster med hovedkontor i Bergen”.

Nærings- og handelsminister Trond Giske har tidlegare uttalt seg negativt om sal av TV 2.

Les meir i Dagbladet, Kampanje og Dagens Næringsliv.

Posted in Medienytt | Tagged , , | Leave a comment

Privat, nordisk TV-gigant?

A-pressa er i ferd med å selja andelen sin i TV2 til Egmont. Dette ser fleire medievitarar og -analytikarar som fyrste steget mot ein nordisk TV-gigant der TV 2 vert ei norsk “lokalavdeling”. Les saka i Dagbladet.

Posted in Medienytt | Tagged , , , | Leave a comment

Berre bokmål i “stallkyrkjene”?

For 2012 har NRK valt ut seks kyrkjer som skal vera “stallkyrkjer” og kvar levera fire radiogudstenester i året. Alle dei seks kyrkjene ligg i bokmålsområde: Kroken kirke i Tromsø, Oslo Misjonskirke Betlehem, Bodin kirke i Bodø, Trefoldighetskirken i Arendal, Bergen domkirke og Heimdal kirke i Trondheim. Les saka i Vårt Land.

Posted in Medienytt | Leave a comment

Nærmar TV 2 seg TVNorge

Det meiner TVNorge, men TV 2 er naturlegvis ikkje samd. Les meir i Kampanje.

Posted in Medienytt | Leave a comment

Erling Lægreid er død

Den kjende og kjære nynorskrøysta Erling Lægreid døydde i dag, 25. november. Han vart 72 år gamal. Les meir hjå NRK.

Ottar Grepstad minnest Erling Lægreid her.

Posted in Medienytt | Leave a comment

Sjå utdelinga av Kringkastingsprisen 2011

Fekk du ikkje med deg prisutdelinga i går? Her kan du sjå utdelinga i nett-tv!

Posted in Kringkastingsprisen, Video | Tagged , , , | Leave a comment

Morten Sandøy (TV2) fekk Kringkastingsprisen 2011

Morten Sandøy, 22.11.2011. Kringkastingsprisen.

På ein pressekonferanse i 22. november 2011 fekk Morten Sandøy Kringkastingsprisen for arbeidet som ankermann og programleiar i TV 2.
Continue reading

Posted in Kringkastingsprisen | Tagged , , , | Leave a comment

Kringkastingsprisen 2011 til Morten Sandøy

PRESSEMELDING FRÅ KRINGKASTINGSRINGEN 22.11.2011

** Kringkastingsprisen 2011 til Morten Sandøy

Utdelinga skjer på Det Norske Teatret tysdag 22. november klokka 11:00

Kringkastingsprisen 2011 går til Morten Sandøy.

- Morten Sandøy er ein av berebjelkane for den språklege profilen TV 2-nyhenda har. Det er på dette området TV 2 verkeleg har vore ein konkurrent til NRK, mykje takk vera prisvinnaren, seier Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

Sandøy er frå Førde, og er ankermann i TV2-nyhenda og programleiar for Magasinet. Har har vore i TV 2 sidan kanalen starta opp.

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Frå TV 2 kjem nyhendesjef Jan Ove Årsæther for å helsa prisvinnaren.

Pressa er velkommen til å møta prisvinnaren under utdelinga!

For meir informasjon:
Martin Toft, styreleiar, tlf. 415 14 038
Tarjei Vågstøl, dagleg leiar, tlf. 452 31 489

Sjå for liste over tidlegare prisvinnarar

Posted in Kringkastingsprisen, Pressemelding | Tagged , , | Leave a comment