Yasmin Syed fekk Kringkastingsprisen 2009 for arbeidet kanalvert, programleiar og fjernsynsrøyst. Prisen vart delt ut på ein pressekonferanse på Det Norske Teatret 27. oktober 2009.
Grunngjevinga frå juryen:
Kanalvert i NRK, Yasmin Syed er oppvaksen i Vinje i Telemark, der ho budde frå ho var to år gamal. Ho er fødd i London i 1966, som dotter av norsk mor og far med opphav frå den indiske delen av Kashmir. Men vegen til Telemark var ikkje lang då mora i 1968 tok over farsgarden i Vinje.
Karrieren hennar skaut fart etter at ho hadde spela den kvinnelege hovudrolla i filmen ”Halvveis til Haugesund” i 1997. Like etter fekk ho tilbod om jobb som reporter i NRK -Telemark.
Ho har vore både programleiar, skodespelar, musikar og kanalvert i NRK. Jula 2008 var ho programleiar for Julemorgen i NRK saman med Kåre Magnus Bergh Dessutan har ho vore programleiar for det direktesende livssynsprogrammet ”STYRK Live ” i NRK. Også i TV 2 har ho hatt ei rolle, som politioverkonstabel i TV-dramaet ”De Syv Søstre.”
Sjølv om Yasmin Syed har budd både i USA, Skien og i Oslo har ho aldri gitt slepp på Vinje-dialekten sin. Difor er det eit normalisert nynorsk med eit tonefall frå Vest-Telemark som karakteriserer språkbruken til Yasmin Syed, og ho brukar dette språket på ein trygg og tillitvekkjande måte, anten ho er kanalvert, programleiar eller les kommentarar til utanlandske TV-dokumentarar
Ho viser med dette at nynorsken slett ikkje berre er ei målform for vestlendingar, men ei målform som i høgste grad er levande, også på Austlandet. Kanalvert og programleiar Yasmin Syed er difor ein god ambassadør for nynorsken i norsk fjernsyn, og ein verdig vinnar av Kringkastingsprisen for 2009.
Kringkastingsringen har kvart år sidan 1978 delt ut Kringkastingsprisen til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.
Jury for prisen er styret i Kringkastingsringen.
