– Det er gledeleg å sjå at tiltaka NRK har sett i verk, har gitt resultat, seier Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen. Toft peikar særleg på at den største prosentvise auken er oppgitt for NRK1 og NRK P1.
– Det er viktig at dei kanalane som treffer flest, NRK1 og P1, tek ansvar for å spegle det språklege mangfaldet vi har i Noreg.
Toft er likevel ikkje berre positiv i kommentaren til allmennkringkastingsrapporten.
– Når NRK har sett i verk tiltak for å betre situasjonen for nynorsk og dialekt i kanalane sine, skulle ein ha trudd at dette kom til å føre til meir nynorsk i alle kanalane. Likevel er betringa minimal for NRK2 og NRK P3. Desse kanalane siktar seg inn mot ei viktig målgruppe, ungdom og unge vaksne, som elles blir møtt med eit kommersielt medietilbod som er så å seie kjemisk fritt for dialekt og nynorsk. Her har NRK eit openbert ansvar for å tilby ei motvekt mot den språklege einsrettinga.
– Det mest urovekkjande er likevel at NRK Super ikkje kan vise til meir nynorsk. Det er avgjerande viktig at born møter nynorsken og dialektar frå heile landet. Dei tidlege opplevingane av språk i media er ikkje berre viktig for å skape språkleg sjølvtillit hos born, men skapar òg eit inntrykk som fester seg av kva som er «normalt» språk. 16 % er rett og slett ikkje bra nok, seier Toft.
Ved ein inkurie blei det oppgitt at tala var høvesvis 13 % og 16 % for NRK Super og NRK 3. Dette er no retta.
Du kan lese heile rapporten hos NRK.
