23. oktober skipa Kringkastingsringen til seminar om minoritetsspråk, fleirspråklegheit og språkmangfald i nordisk kringkasting. Takk til alle som var innom!
Korleis kan ein syta for at heile språkmangfaldet i eit land får ein plass i kringkastinga? Skal ein løysa det ved å påleggja kringkastingen «prosentsatsar», som i Noreg, eller er løysinga eigne redaksjonar eller kanalar for dei mindre brukte språka. Kva er føremonane og ulempene med dei ulike løysingane?
Vi tek òg opp spørsmålet om ein nordisk TV-kanal. Framlegget kjem opp med jamne mellomrom, og vi har invitert til eit panelordskifte for å undersøkja problemstillinga nærare: Kva kan ein slik kanal vera? Er det trong for ein slik kanal?
Program:
12.00 Opning. Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen
Del I: «Fleirspråkleg kringkasting»
Den norske stoda med fleire offisielle språk i allmennkringkastaren er ikkje unik. Å syta for at dei mindre brukte språka vert synlege i eteren er ei utfordring. I Noreg vert bokmål og nynorsk produsert i dei same redaksjonane, og NRK har eit ålment krav om å senda på minst 25 prosent av kvart språk. Andre land har valt andre løysingar, som til dømes eigne redaksjonar for kvart språk. Kva er føremonane og ulempene med dei ulike modellane.
12.15 Stoda i Finland. Annestina Åbonde, utanrikssjef i den svenske redaksjonen i YLE.
12.45 Kommentar: Korleis er det i Noreg? Silje Sande, nynorskbrukande journalist i NRK.
13.00 Spørsmål og debatt
13.45-14.30 Pause
Del II: «Nordisk TV-kanal?»
Jamleg kjem ideen om ein nordisk TV-kanal opp. Ny fjernsynsteknologi gjer dette enklare enn det var med det analoge bakkenettet, men er ideen framleis god? Kva bør ein slik kanal vera? Syner Fredrik Skavlan vegen?
14.30-15.30 Panelordskifte m. Åsulf Edland (NRK/EBU), Espen Stedje (gensek. Foreningen Norden) og Martin Toft (styreleiar i Kringkastingsringen)
15.30 Slutt, vel heim
Lenkjer
Her er tre rapportar frå Svenska Finlands folkting
