Hokksund-målet provoserer
Drammens Tidende 07.01.2011
Kari Bækken Larsen brukar a-endingar og tjukk l når ho les nyhende. Det reagerer lyttarane på (nynorsk.no)
Skavlan får språkpris
Aftenposten 06.12.2010
6. desember får Fredrik Skavlan språkpris frå Foreningen Norden. Prisvinnaren sjølv er overraska: – Eg har dekonstruert eit veldig bra norsk, seier Skavlan.
Trur avtalen kan vera verd ein milliard
Kampanje 03.12.2010
Kampanje.com meiner avtalen mellom TV2 og Kulturdepartementet kan vera verd ein milliard kroner over fem år.
NRK forsvarar nett-tenestene
NRKBeta (og Dagens Næringsliv) 02.12.2010
Den siste tida har det kome kritikk av at NRK går utover dei rammene dei har fått i allmennkringkastaroppdraget. I Dagens Næringsliv 2. desember 2010 svarar NRK på kritkken.
A-pressa ut av TV2
Kampanje 01.12.2010
A-pressa varslar at dei kjem til å selja seg ut av TV2. Det er rekna for sannsynleg at Telenor kjem til å gå inn som eigar saman med svenske TV4.
Får kritikk for mediekampanje
NRK Sogn og Fjordane 30.11.2010
Sjefsredaktørane i VG Nett og Dagbladet er ikkje glade for at Norsk Målungdom har maskinomsett nettavisene deira.
Vil ha nynorsk i nettavisene
Norsk Målungdom 29.11.2010
Norsk Målungdom har sett i gang ein kampanje for å få meir nynorsk i nettavisene. For å syna kva dei meiner, har dei maskinomsett VG og Dagbladet.
Vurderer å flytta ut av Oslo
Aftenposten 24.11.2010
NRK må spara 230 millionar innan 2016. Eit tiltak kan vera å flytta deler av verksemda ut av Oslo.
NRK vurderer å flytta ut sport og drama
Dagbladet 16.11.2010
NRK skal spara 100 millionar, og eit internt utval har laga ei liste med framlegg til kutt. Blant dei mest dramatiske er å setja ut produksjon av drama og sport.
Kulturstripa misser sjåarar
Dagbladet 11.11.2010
Kulturprogramma på NRK har mist hundetusenvis av sjåarar etter at dei flytte frå NRK1 til NRK2.
Nordisk råd positive til “Arte Norden”
Nordisk råd 03.11.2010
Kultur- og utdanningskomiteen i Nordisk Råd gav i dag dei nordiske kulturministrane i oppgåve å arbeida vidare med planane om ein nordisk TV-kanal etter mønster frå fransk-tyske Arte.
TV 2 i Bergen til 2015
Aftenposten 29.10.2010
Kulturdepartementet og TV 2 har vorte samde om avtalen som gjev TV 2 status som «formidlingspliktig allmennkringkastar». Avtalen, som vert offentleg om kort tid, bind kanalen til å ha hovudkontor i Bergen i minst fem år framover, og til å senda minst 50 prosent norskspråkleg innhald.
Nordisk råd drøftar felles nordisk TV-kanal
Nordisk råd 22.10.2010
2-4. november skal Nordisk Råd drøfta etableringa av ein nordisk TV-kanal etter mønster frå det fransk-tyske samarbeidet Arte.
NRK misnøgde med lisensen
Dagbladet/NTB 05.10.2010
NRK bad om ein lisensauke på 80 kroner, men fekk berre 40. Justert for prisauke tyder dette 75 millionar mindre til NRK, meiner Hans-Tore Bjerkaas. NRK varslar kutt i programtilbodet.
Vil finna alternativ til lisensen
Aftenposten 01.08.2010
Kåre Simensen, mediepolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, meiner at vi må sjå etter eit alternativ til kringkastingsavgifta i framtida, og løfter fram den danske løysinga med avgift på mobiltelefonar og datamaskiner som eitt alternativ.
Skeptiske til radiokampanje
Dagsavisen 30.07.2010
I sumar har Digitalradio Norge AS lansert kampanjen Ja til Radio. Fleire små radiostasjonar er skeptiske til kampanjen, som dei oppfattar som ein kampanje mot FM-sendingane.
Sivilombodsmannen ser på konsesjonane
Journalisten 09.04.2010
Norsk Lokalradioforbund har klaga inn prosessen rundt tildelinga av konsesjonane for lokalradio til sivilombodsmannen.
Bjerkås: – Ingen har breidda til NRK
Kampanje 08.04.2010
NRK har sleppt allmennkringkastingsrapporten. Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas er nøgd.
Går til åtak på NRK-fordel på nett
Journalisten 03.02.2010
Dei store medieselskapa går til åtak på det dei meiner er ein urettvis fordel for NRK.
NRK satsar mobilt
Kampanje 14.01.2010
I dag lanserer NRK nye tenester for mobilplattformene iPhone, Nokia og Android. Tenestene lèt brukaren lytte til alle radiokanalane til NRK.
Samisk supergjeng
«- Vi er en liten dråpe i NRK Super-universet, men en viktig dråpe for alle samiske barn og unge, sier redaksjonssjef Norleif Krokom i NRK Sami sin barne- og ungdomsredaksjon.» Les meir hjå NRK.
Sørsamisk NRK-røyst i Snåsa
Kjell Appfjell (44) lét seg snakke trill rundt av NRK Sami Radio. I dag gjer han ein viktig innsats for det utsette sørsamiske språket frå NRK-studioet i Snåsa. Les meir hjå NRK.
Knalltøft år i NRK
Med avvikling av Melodi Grand Prix, vinter-OL og «ny» Dagsrevy, går NRK på Marienlyst eit stramt år i møte. Les intervju med kringkastingssjef Bjerkaas i Kampanje.
Vellukka fornying av Dagsrevyen
Den første sendinga av «nye» Dagsrevyen får god kritikk av Aftenpostens Per Kristian Bjørkeng: «Klarer nye Dagsrevyen å holde nivået, kan det igjen bli viktig å få med seg Norges største nyhetssending.». Les meir i Aftenposten og Kampanje.
Stenvold-dialekt lagar bråk!
NRK-journalist Ingerid Stenvold har fått løyve til å nytta dialekt som nyhendeopplesar i Dagsrevyen. «Helt vanvittig», meiner Finn-Erik Vinje. Stenvold fekk Kringkastingsprisen i 2007 for å nytta Målselv-dialekten sin i NRK Sporten. Les saka i VG og hjå Noregs Mållag.
TV2 einaste søkjar til ny konsesjon
Då fristen for å søkja om status som “formidlingspliktig kommersiell allmennkringkasting i fjernsyn” gjekk ut 7. desember i år, var TV2 einaste søkjaren. Les meir om saka hjå Kulturdepartementet.
Høg pris for TV2 etter nyttår
RiksTV opnar no for at kundane fritt kan velja kva kanalar dei vil betala for. Men samtidig varslar dei ein stiv pris for sjåarar som vil sjå TV2 når konsesjonen går ut etter nyttår: 160 kroner må ein betala i månaden dersom ein framleis vil ha tilgang til kanalen. Les saka hjå VG.
Ingvild Bryn til Frogner kirke
Ingvild Bryn, profilert nyhendeanker i NRK og tidlegare vinnar av Kringkastingsprisen, vitjar Bok- og musikkafen i Frogner kirkestue laurdag 31. oktober kl. 13.00. Ho vil snakka om røynslene ho har gjort seg som korrespondent og nyhendeformidlar i føredraget “25 år i NRK”. Det vert sal av kaffi og kake i Frogner kirkestue frå klokka 11.00.
Anniken Huitfeldt tek over som kulturminister
I dag vart Anniken Huitfeldt utnemnd til ny kulturminister. Kampanje.
Konsekvensutreiing om NRK
Kulturdepartementet har tinga ei ekstern utgreiing om kva som vil skje dersom NRK skal verta reklamefinansiert. Rapporten er skriven av Johan Roppen, Høgskolen i Volda, og ligg på heimesidene til KKD. Les rapporten.
Statsbudsjettet: Vinjefondet vidareført med ein halv million
I framlegget til statsbudsjett for 2010 vert Vinjefondet ført vidare med ein halv million kroner. Tiltaket, som skal fremja nynorsk journalistikk, vert forvalta av Nynorsk kultursentrum. Ved sidan av ei solid auke i løyvinga til Noregs Mållag, er det ikkje store, nye tiltak å finna i budsjettet:
– Dette er eit bleikt budsjett for nynorskbrukarane. Dei fleste nynorsktiltaka får dekt løns- og prisveksten, men heller ikkje meir, og budsjettet inneheld ingen nye tiltak som følgjer opp alle planane i språkmeldinga, seier Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum.
Fleire melder seg på konsesjonskampen
Både MTG Norge (som står attom både TV3 og Viasat 4) og TVNorge melder at dei er interesserte i å delta i kampen om ny konsesjon for allmennkringkasting. Les meir hjå Kampanje.
Redd for ryktet til TV2
- Mange her på huset er redde for kanalens rykte som seriøs samfunnsaktør og nyhetsformidlar, seier Trude Teige til Dagbladet. Ho er programleiar i Tabloid, eit av dei programma TV2-leiinga no ønskjer å leggja ned. Les meir i Dagbladet
Lovar lisens og pressestøtte
I Soria Moria II-erklæringa lovar regjeringa å vidareføra både pressestøtte og NRK-lisensen. Les meir hjå Kampanje
Store kutt i TV2
I dag varsla TV2-sjef Alf Hildrum at kanalen må kutta 130 årsverk og leggja ned ei rekkje program, mellom anna debattprogrammet Tabloid. Samstundes vert kanalen verande i Bergen, og varslar at dei vil søkja om ny konsesjon for allmennkringkasting i 2010. Les meir i Dagbladet og VG.
Nynorsk redaktørpris til Christian Stabell, Os & Fusaposten
Nynorsk redaktørpris for 2009 gjekk i år til redaktør og dagleg leiar for Os og Fusaposten Christian Fredrik Stabell. – Det er flott å gje prisen til ein redaktørveteran og representant for den store og viktige skogen av nynorske lokalaviser, som er heilt avgjerande for framtida for nynorsken som pressespråk, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget. Les meir hjå Mediemållaget.
Nynorsk nettavis for ungdom
Kulturdepartementet vil stø den nynorske nettavisa Ung til sinns – på nett med 300 000 kroner i året over tre år. Avisa rettar seg mot ungdom, og er eit samarbeidsprosjekt mellom LNK, Nasjonalt Garborgsenter, nettidskriftet Magasinett, kulturavisa Pirion, ABC Startsida og Kulturdepartementet. Avisa skal liggja på startsida.no, men får eigen redaksjon. Les meir hjå LNK-Nytt.
Sluttar med familiefilmar
Nordisk Film vil slutta å produsera familiefilmar i protest mot nye reglar som tillet mindre offentleg støtte. Risikoen for tap vert for stor, meiner selskapet, som står bak filmar som «Olsenbanden jr.», «Kurt Blir Grusom», «Venner for livet», «Ulvesommer» og «SOS Svartskjær». Les meir hjå Dagbladet
Søkjer etter nynorskpraktikantar
NRK Nynorsk mediesenter leiter no etter seks nye praktikantar. Søknadsfristen er 15. oktober.
NRK Nynorsk mediesenter i Førde tek frå 4. januar 2010 inn fem nynorskpraktikantar for opplæring og praksis i seks månader. Dei får lære journalistikk for radio, fjernsyn og Internett og nynorsk eterspråk.
Opplæringa er svært praktisk, og skjer i hovudsak i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane og andre redaksjonar i NRK. Føremålet er fl eire journalistar som brukar dialekt og nynorsk i etermedia.
Mediesenteret leitar særleg etter folk frå Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal, Telemark, Agder, Trøndelag og Nord-Norge.
NRK Nynorsk mediesenter: Vil du bli journalist?
Uroa for norsk som fjernsynsspråk
Helene Uri skriv på kronikkplass i Aftenposten at ho er uroa for kva som vil skje med norskspråkleg fjernsynsprodusjon når konsesjonen til TV2 går ut. Les kronikken hjå Aftenposten.
Uviss framtid for aktualitetsprogramma på TV2
Fleire nyhende- og aktualitetsprogram på TV2 står i fare for å verta lagde ned når kanalen skal spara 150 millionar kroner, melder Dagbladet. Dokument 2, Tabloid og God Morgen, Norge står alle i fare for å forsvinna frå skjermen.
TV2 seier opp 100 medarbeidarar
TV2 må spara 150 millionar kroner, og varslar at 100 tilsette kan verta oppsagde. Les meir hjå Dagbladet.
Tel nynorskbrukarar
NRK set no i gang granskingar for å finna ut kor mange nynorskjournalistar dei har. Les meir hjå LNK Nytt (via nm.no).
Hordaland Mållag krev at TV2 må vera i Bergen
Hordaland Mållag bed sentrale styresmakter om at dei organiserer arbeidsvilkåra for TV2 slik at mediehuset kan halda fram med hovudkontor i Bergen. Fjernsynskonsernet har varsla at dei har problem med å greia seg øknomisk med dei rammevilkåra dei har i dag, og står dermed i fare for å flytta ut av Bergen og til Austlandet, trass i at dei gjerne vil halda fram som allmennkringkastar i denne byen.
- Om TV2 skulle finna det naudsynt å flytta verksemda ut frå hovudstaden på Vestlandet, ville det vera eit særs alvorleg tilbakesteg for språkleg og kulturelt mangfald , for desentralisering, distriktsutbygging og for ei medieutvikling som Vestlandet og nasjonen elles treng i tida frametter.”
Dette skriv Hordaland Mållag i eit brev til Kultur- og kyrkjedepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, og til Familie- og kulturkomiteen og Næringskomiteen på Stortinget. I brevet held mållaget fram at sidan starten i 1992 har eit stort publikum her i landet kunna gleda seg over sendingane frå TV2.
- Ikkje minst har folk i Hordaland og på Vestlandet elles fått gode og stimulerande kultur- og nyhende-impulsar frå inn- og utland. Det riksdekkande kultur- og nyhendebiletet vårt er vorte rikare og meir mangfaldig på dette viset.
-Utan TV2 ville ikkje Bergen blitt den vitale mediebyen den er i dag. Gjennom eit aktivt samspel med mellom anna næringsliv og politiske og akademiske miljø her vest har TV2 fått fram stoff som elles ikkje ville ha vore så synleg på det nasjonale planet.
Byen, fylket og landsdelen er profilerte med ei slagkraft som ville vore utenkjeleg dersom dette medieselskapet ikkje hadde hatt hovudsete i Bergen,heiter det.
Hordaland Mållag minner om at laget på årsmøtet sitt i mars i år heidra TV2 med Målprisen for 2009 for omfattande og god bruk av nynorsk og dialektar i sendingane. Pristildelinga vart mellom anna grunngjeven med at denne målbruken “er utan minste tvil av dei kreftene som medverkar sterkast til at nynorsk tale- og skriftmål har ei sterk og respektert stilling her i landet.
-Me vil stø selskapet sine ynskje om betre tilgang til sjåarar og reklameinntekter, og bed styresmaktene om at dei i det heile organiserer rammevilkåra slik at TV2 kan verta verande i Bergen, heiter det til slutt i brevet.
(Pressemelding frå Hordaland Mållag, 25.06.09)
Utvidar Dagsrevyen og flytter Barnetv
NRK legg opp til store endringar i sendeskjemaet når det analoge sendenettet vert stengt i desember. Dagsrevyen vert utvida, og Barne-TV flytta frå NRK1 til NRKSuper. Les meir hjå NRK.
Medietilsynet refsar allmennkringkastarane
Les Kampanje si oppsummering av Allmennkringkastingsrapporten 2008 her
Nedgang i nynorskprosenten
I Allmennkringkastingsrapporten for 2008, som Medietilsynet la fram i dag nynorskbruken har falle i alle NRK-kanalane bortsett frå NRK2.
Medietilsynet har i de senere års rapporter vært kritisk til at NRK ikke innfrir minimumskravet til nynorskandel i sitt programtilbud. Kritikken har i særlig grad vært rettet mot NRKs fjernsynstilbud, der den gjennomsnittlige nynorskandelen har ligget under 20 prosent. I radiotilbudet har gjennomsnittsandelen ligget nærmere 25 prosent. I 2008 går nynorskandelene ytterligere ned, både i fjernsyn og i radio. I lys av at andelskravet på 25 prosent er et minimumskrav, mener Medietilsynet denne utviklingen er særlig negativ. NRK har som statlig, lisensfinansiert allmennkringkaster et særskilt ansvar for at begge de offisielle målformene ivaretas på en tilfredsstillende måte. NRK har i flere års regnskaper redegjort for tiltak som er satt i verk for å øke nynorskbruken i kanalene, som Nynorsk mediesenter i Førde. Medietilsynet mener det er å forvente at de ulike tiltakene NRK har satt i verk for å øke nynorskbruken, nå må komme til uttrykk i det faktiske programtilbudet til NRK på en slik måte at den negative trenden snus.
Les delrapporten om NRK her
Nynorskpris til Ronny Brede Aase
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2009 går til 22 år gamle Ronny Brede Aase i NRK P3. Prisen vert delt ut under Dei nynorske Festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, torsdag 25.juni. Tidlegare prisvinnarar er Linda Eide, Kjell Erik Kallset og Odd Reidar Solem. Les meir hjå Noregs Mållag.
TVNorge legg ned eigne produksjonar
TVNorge legg ned nyhende-, sport- og vêrsendingane sine frå nyttår. TVNorge meiner dei tek eit “offensivt grep” i ei digital mediaverd, og ønskjer å reindyrka underhaldningsprofilen sin. “Det er ingen grunn til å laga eit NRK Light”, seier kanalsjef Harald Strømme til Kampanje. Les meir hjå Dagbladet og Kampanje.
Trange tider for TV2
TV2 ligg an til å tapa 350 million kroner i reklamemarknaden i 2009 samanlikna med 2008. Kanalen må betra den økonomiske stoda si, og er i tingingar med dei tilsette. Les meir hjå Dagbladet og Kampanje.
Alle vil ut av RiksTV
Etter at NRK signaliserte at dei ønskjer å selja sin del av RiksTV, melder TV 2 og Telenor at dei òg er interesserte i å selja. Les meir hjå Kampanje.
NJ vil arbeida for språkleg kvalitet og mangfald
På årsmøtet vedtok Norsk Journalistlag (NJ) eit punkt om at laget skal arbeida for “NJ vil arbeide for medlemmenes mulighet til å utvikle journalistisk og språklig kvalitet og uttrykksfrihet, mangfold og integritet.” Berit Rekve, leiar i Mediemållaget, vonar at dette tyder at NJ frametter vil koma med tydelegare støtte til nynorskbrukande journalistar. Les meir hjå Mediemållaget.
Nettavisene lite populære
Berre tre prosent av avislesinga skjer på nett, melder ein ny rapport frå USA. Journalisten spør om dette òg gjeld i Noreg.
Frå Kringkastingsringen til Noregs Mållag
Tidlegare leiar i Kringkastingsringen, Håvard B. Øvregård, vart valt til ny leiar i Noregs Mållag 27. april i år. Les meir hjå Noregs Mållag
Vil undersøkja haldningar til dialekt
NRK vil undersøkja kva haldningar lyttarane og sjåarane har til dialekt i etermedia. Dei siste åra har NRK stadig lempa på krava om normert tale, og opna opp for å bruka meir dialekt og aksentar. No vil dei finna ut korleis publikum reagerer. Les meir hjå Stavanger Aftenblad (via nynorsk.no)
Målpris til Ingvill Tandstad
Ingvill Tandstad, journalist i NRK Østlandssendingen, får Alf Helleviks mediemålpris 2009. Les meir hjå Noregs Mållag.
Målpris til TV2-nyhenda
TV2-nyhetene får Hordaland Mållag sin Målpris 2009 for omfattande og dugande bruk av nynorsk og dialekt i programverksemda.
Pressemelding frå Hordaland Mållag 19.03.2009:
- KUNNIG OG KLANGFULL NYNORSKBRUK I ALLE SITUASJONAR
TV2-nyhetene får Hordaland Mållag sin Målpris 2009 for omfattande og dugande bruk av nynorsk og dialekt i programverksemda. Prisen vert delt ut på fylkesmållaget sitt årsmøte i Bergen laurdag 21.mars.
-Dag etter dag, fleire gonger for dagen og år etter år har me kunna gleda oss over den kunnige og klangfulle nynorsk- og dialektbruken i TV2 sine nyhendesendingar, seier leiar i Hordaland Mållag, Einar Ådland.
-I reportasjar og rapportar frå inn- og utland, i Tabloid, Dokument 2, Laurdagsmagasinet og God Morgen Norge, frå reporterar i felten og programleiarar i studio møter me levande nynorsk tale og målførebruk. Gjennom det daglege arbeidet sitt syner desse medarbeidarane at nynorsk og dialekt er framifrå, smidige og effektive reiskapar for kringkastings- journalistar i alle emneområde og i alle situasjonar.
Denne aktive nynorskbruken, i så stort omfang og med så gode resultat, er utan minste tvil av dei kreftene som medverkar sterkast til at nynorsk tale- og skriftmål har ei sterk og respektert stilling her i landet, sa Einar Ådland.
Han heldt fram at TV2 frå starten i 1992 har vakse fram til å vera det største kommersielle mediehuset i landet med over tusen årsverk og ein omsetnad på 2, 7 milliardar kroner.
-Ei så stor medieverksemd har sjølvagt stor og sterk kulturell påverknadskraft. Difor har det vekt mykje glede og oppgløding mellom målfolk og andre kulturinteresserte at nynorsken står så sterkt ved institusjonen, og det gjeld ikkje minst TV2-nyhetene, sa mållagsleiaren.
Prisen er ein akvarell av garden Kjeåsen i Eidfjord, laga av biletkunstnaren Liv Jorunn Skjold.
Utdelinga av Hordaland Mållag sin Målpris 2009 skjer
LAURDAG 21.MARS KL. 15.00 PÅ GRAND HOTEL TERMINUS I BERGEN
Presse er velkomen til tilskipinga.
Snart må du betala for TV2
I 2010 går konsesjonen til TV2 ut, og kanalen forsvinn frå gratistilbodet på RiksTV. Dei som framleis ønskjer å sjå kanalen på RiksTV, må rekna med å betala 20-30 kr i månaden. For dei som ser fjernsyn via parabol eller kabel, er denne kostnaden allereie ein del av abonnementet. (NTB) Les saka hjå Dagbladet.
Dubbing i Volda
Dubbing-selskapet NorDubb Studios AS skal etablera seg i Volda, og leiter etter nynorske røyster mellom 20 og 50 år. Les meir hjå Noregs Mållag.
“Der ingen skulle tru …” via BitTorrent
NRK eksperimenterer med nye måtar å distribuera programma sine, og legg ut den populære serien Der ingen skulle tru … på BitTorrent. Les meir på NRK Beta.
Nynorsk i riksavisene – debatt på NRK RedaksjonEN
Torsdag 26. februar handla det om nynorsk i riksavisene på debattprogrammet RedaksjonEN (NRK), med Sylfest Lomheim (Språkrådet), Hilde Haugsgjerd (Aftenposten), Bernt Olufsen (VG), Trond Giske (Kulturdepartementet), Signy Fardal (Elle) og Ottar Grepstad (Ivar Aasen-tunet). Sjå debatten på NRK Nett-TV.
Nyhende på nett kjem alltid til å vera gratis
Professor og medieøkonomi Robert G. Picard, som nyss var invitert til å halda gjesteførelesing på BI om framtida for mediebransjen, meiner at tida då ein kunne ta pengar for allmennyhende er forbi. Difor kjem nyhende på vanlege nettaviser til å vera gratis i framtida òg. Picard trur òg at papiravisene vil verta meir eksklusive og tilby spesialisert kvalitetsinformasjon. | Les heile saka i Dagbladet
Unge vel Internett framføre fjernsyn
Ei verdsfemnande undersøking syner at ungdom er meir og meir vel Internet framføre fjernsyn for å verta underhaldne. Les heile saka hjå VG
Statsstøtta diskriminering
Tor Fuglevik, medlem av Språkrådet og direktør i det internasjonale mediekonsernet MTG, skriv i eit lesarinnlegg i Dagens Næringsliv i dag at momsstøtta til aviser som ikkje tillet nynorsk, er “statsstøtta diskriminering”.
Du kan lesa heile innlegget hjå Noregs Mållag
Språkleg forfall i NRK
Finn-Erik Vinje meiner at kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas må ta ansvar for eit språkleg forfall i NRK. Då han godtok å fjerna kravet om “korrekt språk”, slutta han samtidig å stilla krav om at NRK skal vera eit språkleg førebilete, meiner Vinje. Les meir i Dagsavisen
Magne Rommetveit er død
Han vart 90 år gamal. Mellom all annan innsats for nynorsken som professor og ordboksredaktør, var Rommetveit òg oppteken av å sikra nynorsken ein plass i radio og fjernsyn. Han var skrivar for Kringkastingsringen dei fyrste 15 åra, frå 1955 til 1970, og etter det språkkonsulent i NRK. Les meir om Rommetveit hjå Noregs Mållag.
Ny sjefredaktør i Nynorsk Pressekontor
Stiftinga Nynorsk Pressekontor og NTB har tilsett Karoline Riise Kristiansen (31) som sjefredaktør i Nynorsk Pressekontor (NPK).
Karoline Rise Kristiansen tar over etter Arne Sigurd Haugen, som går tilbake til ei journaliststilling i NPK etter at åremålet går ut 28. februar 2009.
Den nye sjefredaktøren er i dag redaktør i ABC Startsiden as, med spesielt ansvar for den nynorske versjonen startsida.no. Ho har tidligare vore redaksjonssjef og journalist same staden.
Ho er utdanna ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Hedmark. Ho har også mellomfag i medievitskap ved Universitetet i Oslo.
Nynorsk Pressekontor blir drive operasjonelt av Norsk Telegrambyrå (NTB).
Vil starta nettavis på nynorsk
ABC Startsiden fekk i 2005 målblome ifrå Noregs Mållag for å ha etablert Startsida.no. Til venstre Espen Udland og til høgre Bjørn-Olav Strand. No planlegg ABC Startsiden ei riksdekkjande nynorsk nettavis. Les meir hjå Noregs Mållag
NTBs språkpris til Kjersti Mjør
BT-journalist og tidlegare nestleiar i Kringkastingsringen, Kjersti Mjør, fekk NTBs pris for godt mediespråk i 2008. Juryen la særleg vekt på at ho skreiv godt innanføre den daglege nyhendejournalistikken. Kringkastingsringen ønskjer Mjør til lukke! Les meir i Journalisten.
Media Norge framleis ikkje på børs
Uroa i finansmarknadene gjer at Schibsted ventar med å børsnotera Media Norge. Les meir hjå E24
Nynorsk redaktørpris 2008 til NTB og NPK
Nynorsk redaktørpris for 2008 gjekk til sjefredaktør Arne Sigurd Haugen i Nynorsk Pressekontor og sjefredaktør og administrerande direktør Pål Bjerketvedt i Norsk Telegrambyrå. Dei to fekk prisen for samarbeidsavtalen mellom NPK og NTB og det viktige utviklingsarbeidet i byråa som følgjer av avtalen. Les meir hjå Noregs Mållag
Ein halv million til nynorsk mediespråk
I framlegget til Statsbudsjett for 2009 er 0,5 millionar kroner øyremerkte til tiltak for å å fremje nynorsk i media. – Dette er i alle fall ein start, og vi skal gjera det vi kan for å bidra til å utvikla Vinjefondet, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget. NPK, via Hallingdølen.
Ein halv million til nynorsk i media
I Språkmeldinga som vart lagt fram i juni, gjorde Kulturdepartetet framlegg om å oppretta eit Vinjefond for å styrja nynorsken si rolle i media. I statsbudsjettet, som vart lagt fram i dag, er det sett av ein halv million kroner til “til å styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk.”. Les heile pressemeldinga hjå Kulturdepartementet.
NRK-lisensen vert 124 kroner høgare
NRK-lisensen vert 124 kroner høgare i framlegget til Statsbudsjett for 2009. Dei tilsette pustar letta ut, men meiner auken berre er akkurat stor nok til å halda aktiviteten slik han er i dag. Les meir hjå Journalisten.
Kringkastingsprisen 2008 til Trude Teige
Oppslag i TV 2, Propaganda, Kampanje, NRK Møre og Romsdal, Vårt Land og mange andre stader.
Mangfaldige mediedagar
Helga 10.–12. oktober er Dei nynorske mediedagane, og spørsmålet om nynorsk i media vert sett under krysseld, med programpunkt som går frå Vinje via barnefjernsyn til nettavisene.
– Det byrja med at vi i styret for Mediemållaget ønskte å ei større ramme kring eit årleg seminar og utdelinga av Nynorsk redaktørpris. Då var 150-årsjubileet for Dølen 10. oktober ein viktig faktor. Deretter freista vi å strekkja opp eit større lerret for den vidare idéutviklinga og kom fram til at nyskapinga skulle få namnet Dei nynorske mediedagane, fortel Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.

– Sidan har det balla på seg, og du kan trygt seia at ambisjonsnivået har vorte kanskje to hundre prosent over det vi kanskje burde hatt, held ho fram. Ho verkar likevel ganske roleg no, ein månad før. Samarbeidspartnarar som Noregs Mållag og Kringkastingsringen står for store programpostar, men det er Mediemållaget og Rekve som tek seg av organiseringa og koordineringa.
Positive alliansar
– Ligg det ei berande idé bak tilskipinga?
– Vi ønskjer først og fremst å skapa eit forum for å synleggjera nynorsk i media. Det er mange verksemder og organisasjonar i målrørsla og i media som arbeider for og med nynorsk. Ideen er å skapa rom for eit mangfald av idear og ordskifte, slik at mange kan finna plass til engasjementet sitt.
– Eg trur det er viktig at vi greier å byggja positive alliansar og variera innfallsvinkelen når vi arbeider med nynorsk i media. Difor tok vi rett og slett kontakt med ei rekkje potensielle samarbeidspartnarar og bidragsytarar som kunne tenkja seg å bera engasjementet sitt inn på dette ”torget”, og det synte seg at både Noregs Mållag og Kringkastingsringen hadde planar om seminar i haust som høvde på seminara våre.
– Nynorsk er jo til stades i media, men kanskje ikkje så mykje som mange skulle ønska. Er dette skrytedagar eller klagedagar?
– Det er litt ”ja takk, begge delar”, litt avhengig av kva for del av programmet det gjeld. Fagseminaret fredagen vil dreia seg mykje om å få meir nynorsk i kjølvatnet av språkmeldinga. Vinje-kvelden vert både historie og feiring av nynorsken. Seminara laurdagen og sundagen set meir søkjeljos på manglane i barnefjernsyn og journalistikken, seier Rekve.
Breitt program
Det er mykje meir nynorsk i media enn det som kanskje er synleg når ein ser på det frå Oslo.
– Det er lett å gløyma alle lokal- og regionavisene der nynorsken er ein heilt sjølvsagd del av mediebiletet. Dette er veldig viktig, sjølv om vi skal pressa på for å koma inn i riksmedia, den kulørte vekepressa, fagpressa og reklame òg. Då vil eg ta opp att det eg sa om at det er viktig med positive alliansar. Slik sett er det svært kjekt at vi har fått til samarbeid med Norsk Pressehistorisk Forening, Norsk Redaktørforening og Nynorsk Pressekontor. Også Nynorsk mediesenter vil presentera tilbodet sitt i Litteraturhuset i løpet av denne helga. Dessutan inviterer vi andre nynorskverksemder og medieorganisasjonar til å presentera seg i Kverneland-rommet i Litteraturhuset laurdagen.
Redaktørpris
Dagane tjuvstartar på torsdagen med utdeling av Nynorsk redaktørpris i samband med haustmøtet i Norsk Redaktørforening, og held fram dagen etter med eit fagseminar om nynorsk som mediespråk i lys av språkmeldinga. Om kvelden vert det fest for Vinje og Dølen.
– Den 10. oktober er det 150 år sidan Aa. O. Vinje gav ut den første utgåva av vekebladet Dølen. Han var ein føregangsmann for norsk journalistikk, og dette tykkjer vi det er viktig å markera. Difor er dette ei av hovudsatsingane for Mediemållaget under Dei nynorske mediedagane. Eg må òg få retta ein stor takk til Vinje kommune og Norsk Pressehistorisk Forening for bidraga til dette jubileet.
Debattar
Laurdagen skipar Kringkastingsringen til seminar om barnefjernsyn, der både språket, innhaldet og produksjonen av barnefjernsyn står på dagsordenen. Sundagen følgjer Noregs Mållag opp med eit panelordskifte om nynorsk i nettavisene, før Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og Anne Viken møtest til debatt over spørsmålet ”kvifor kan ikkje alle journalistar skriva nynorsk?”
– Alle tilskipingane er opne, så eg vonar alle slags folk finn noko dei har lyst til å delta på. Det er gratis inngang og inga påmelding, så det er berre å stikka innom. Om det freistar med ein kveldstur på byen, samlar vi folk til uformell Nynorsk bar på Stopp Pressen torsdagskvelden.
– Ser du føre deg at dette kan verta ei årviss hending?
– Det vonar eg. Det er spennande om vi kan ta med oss årets samarbeidspartnarar og mange til vidare. Det er mange idear som måtte liggja for at vi ikkje skulle gapa over for mykje det første året. Men både kurs og andre aktivitetar ligg klåre på ”teiknebrettet”, fortel Berit Rekve.
10-12. oktober: Dei nynorske mediedagane, Oslo
10-12. oktober skipar Mediemållaget, i samarbeid med Kringkastingsringen og ei rekkje andre organisasjonar og aktørar, til Dei nynorske mediedagane.
Her vert spørsmålet om nynorsk i media vert sett under krysseld, med programpunkt som går frå Vinje via barnefjernsyn til nettavisene. Kringkastingsringen står for eit seminar om barnefjernsyn, laurdag 11. oktober.
Dei fleste tilskipingane går føre seg på Litteraturhuset i Oslo. Dei er gratis inngang, og inga førehandspåmelding!
Bakkenett-mottakar på nynorsk
Humax har laga ein mottakar for det digitale bakkenettet nynorsk skjermtekst. Seinare i år kjem ein mottakar som òg kan ta opp tv-program. Les meir hjå Teknofil (via nynorsk.no)
Medietilsynet meiner Radio Norge bryt konsesjonen
Ingen sjølvstendig nyhenderedaksjon og ingen nyhendesendingar på samisk. Det er grunnlaget for at Medietilsynet meiner at Radio Norge bryt konsesjonsvilkåra. Les meir om saka hjå Medietilsynet, Journalisten og NRK Sámi Radio.
Språkmeldinga lagt fram i dag
I dag vart stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk (St.meld. nr. 35, 2007-2008) lagt fram. Meldinga fleire gode tiltak for å styrkje nynorsk i media. Les heile meldinga hjå Kultur- og kyrkjedepartementet
Giske vil styrkje nynorsken
KKD meiner at det bør publiserast meir journalistikk på nynorsk. Olav Versto i VG vil ikkje opne spaltene sine. Les meir hjå NRK Kultur og NRK Sogn og Fjordane.
Omstrukturering i NRK
På styremøte i dag vedtek NRK truleg å leggja ned Distrikts- og nyhetsdivisjonen (NYDI), og organisera seg med to programdivisjonar (Oslo og Riks) i staden for tre. Fagforeininga NRKJ er skeptisk. Les meir i Journalisten: her, her og her.
NRK lovar meir nynorsk
“Det finnes ingen grunn til at vi ikke skal være bedre på nynorsk”, seier kommunikasjonssjef i NRK, Sigurd Sandvin til Nationen etter at Medietilsynet har peikt på at NRK framleis ikkje greier å senda minst 25 prosent nynorsk. Les meir hjå Nationen
Allmennkringkastingsrapporten 2007
Medietilsynet la i dag fram Allmennkringkastingsrapporten. Rapporten peikar på at både P4, Kanal 24 og TV 2 bryt konsesjonskrava, særleg med omsyn på program for barn og unge. Hjå NRK er nynorskbruken nærast uendra frå 2006, og framleis under kravet om 25 prosent. Les saka i VG og kommentar frå Kringkastingsringen.
Odd Reidar Solem får Kulturdepartementet sin nynorskpris
Nyhendeanker i TV2, Odd Reidar Solem, får nynorskprisen frå Kulturdepartementet. Les meir hjå KKD
Åtvarar mot stoffutveksling
Medieforskar Arne Krumsvik åtvarar mot den stoffutvekslinga fleire av mediehusa legg opp til. Han meiner faren er at avisene vert likare og likare, medan det i stadig større grad er ein konkurranseføremon å vera unik. Les saka hjå journalisten.no.
Radio Norge vil senda nyhende på samisk etter midnatt
Den nye radiokanalen Radio Norge har lagt den samiske nyhendesendinga til etter midnatt, og meiner med det at dei har dekt konseksjonsvilkåret om å nytta samisk. “Jøss”, svarar visepresidenten i Sametinget, Marianne Balto. Les meir hjå NRK Sámi Radio.
Kom med framlegg til nynorskpris!
1. mai er fristen for å kome med framlegg til kandidatar til Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar. Føremålet er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Gry Molvær (bilete) er leiar for juryen, og har med seg Tom Hetland og Olaug Nilssen. 15. mai skal juryen ha møte. Fyrste prisvinnar var Linda Eide i NRK, i fjor fekk Kjell-Erik Kallset i Dagsavisen prisen på 50.000 kroner. Les meir hjå Kultur- og kyrkjedepartementet (PDF)
Lover kinofilm på nynorsk!
Det siste året har Norsk Målungdom arbeidd hardt for å få sjå meir nynorsk kinofilmteksting. No ser målet ut til å vere nådd: Euforia film har lova at dei til hausten vil tekste minst ein film på nynorsk. Den førre filmen som blei sett opp i Noreg med nynorske filmtekstar var Ronja Røvardotter i 1985, som kom på både nynorsk og bokmål. Les saka hjå ABC Nyheter.
NRK legg ned Norsktoppen
NRK har bestemt seg for å leggja ned det norske listeprogrammet Norsktoppen.
Media Norge-funsjon likevel
Klagenemnda for eierskap i media sa i dag ja til at dei fire regionavisene Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen får slå seg saman.
Vil ha meir nynorsk i NRK Super
Distriktprogramrådet i Sogn og Fjordane er svært misnøgd med nynorskbruken i barnekanalen NRK Super. “I det heile framstår nysatsinga som dominert av bokmål,” seier leiaren for rådet, Trude Brosvik.
Nynorsk Barne-TV på Al Jazeera
“Her er eg” kan bli send i heile Asia. “Her er eg” er ein serie som er laga ved NRK Sogn og Fjordane. Den har gått på NRK, og fleire episodar er på veg, blant anna i romjula. No vil den arabiske Al Jazeera visa serien.
NRK skal ikkje vera størst
- NRK har ikkje lenger som målsetnad å vera størst, seier kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas.
- VG og Dagbladet må nytte nynorsk
Det krev Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane. Dei fryktar for kunnskapen til skuleelevane.
Kundane rasar mot RiksTV
Kundane er rasande på RiksTV fordi ein ikkje kan abonnera på enkeltkanalar til trass at det står i konsesjonen for RiksTV.
Samlar NRK-krav i ny plakat
Kulturminister Trond Giske har rydda opp i eigaranes og politikaranes mange krav til NRK som allmennkringkastar, og samlar kravspesifikasjonen i ein politisk NRK-plakat.
Kringkastingsprisen er ein apartheidpris
Ingen dialektbrukarar frå Austlandet har fått Kringkastingsprisen på dei 29 årene prisen har vore delt ut.
- Vi er ein lågare kaste, meiner radiomann Espen Thoresen Hværsaagod Takkskalduha.
- NRK øydelegg for språket
Dei nye språkreglane til NRK gjev journalistane lov til å bruka meir dialekt i nyheitssendingane til NRK. Det uroar både Riksmålsforbundet og Noregs Mållag.
Sviktar lokal-TV
Medan distriktssendingane til NRK aukar i popularitet, vert dei lokale fjernsynsstasjonane råka av at tradisjonell fjernsynsbruk er på veg ned.
Svekkjer NRK som allmennkringkastar
Det meiner professor i medievitskap, Helge Rønning, ved Universitetet i Oslo, dersom NRK fjernar debattprogrammet «Standpunkt» på NRK1.
Mangfald i NRK?
Programleiarane i Migrapolis meiner NRK har ein altfor homogen stab. No kritiserer dei NRK-leiinga, meiner at Migrapolis har vorte ei sovepute – på lik linje som nynorsken er ei sovepute på NRK. Vonleg er eit tiltak for NRK den nye satsinga NRK FleRe som er bygd opp etter mal frå Nynorsk mediesenter.
Godkjenner RiksTVs kanalval
Medietilsynet meiner at RiksTV tilbyr eit breitt nok utval av kanalar og ikkje skvisar konkurrentane sine.
Østlandssendingen kopierer Førde-senter
NRK sitt distriktskontor i Oslo skal rekruttere journalistar med minoritetsbakgrunn, etter mal frå Nynorsk Mediesenter i Førde.
Svir av 100 mill på digital-innspurt
Den britiske tv-bransjen er i gong med siste fase av informasjonsarbeidet om overgangen til digital-tv.
Meir trøbbel for RiksTV
Lyden følgjer ikkje biletet på fleire kanalar i det nye digitale bakkenettet. Det er fyrst og fremst NRK som vert råka.
NRK-vikariat kuttast
Mange NRK-medarbeidarar kan mista jobben når NRK ved nyttår ikkje forlengjer vikariat og engasjement.
Nye kanalar tek meir av kaka
Store tv-kanaler tapar sjåarar til dei nye småkanalane. Det siste året har den norske tv-kanal-floraen vekst. Det går utover dei fire største tv-kanalane.
Vil ha auka pressestøtte
Norskspråklege Ságat vil ha like mykje i pressestøtte som dei samiskspråklege konkurrentane sine.
Likar ikkje auka pressestønad
A-pressedirektør er uroa over at pressestøtta aukast i Finnmark.
Nynorsk redaktørpris 2007
- Mediemållaget vil også dette året dele ut Nynorsk redaktørpris til ein redaktør som har vist positiv innstilling til nynorsk og kjempa for nynorsken sin posisjon i media, seier juryleiar Judith Sørhus Litlehamar.
Vendepunkt i nynorsk presse
Nynorsk Kultursentrum på Ivar Aasen-tunet i Ørsta inviterer i samarbeid med Norsk Pressehistorisk Forening, og med støtte frå Fritt Ord, til ein stor konferanse med tema “Vendepunkt i nynorsk presse”. I invitasjonen heiter det at det blir to dagar til nytte og glede for alle som arbeidar i nynorske massemedia eller med norsk medie- og kulturhistorie.
Må senda NRK3 analogt
Medietilsynet har bestemt at kabel-TV-verksemdene Canal Digital og Get har plikt til å formidla sendingar frå NRK og TV2. Sidan lanseringa 3. september har berre dei med digitalt kabel-TV hatt tilgang til den nye NRK-kanalen NRK3. No får òg dei med analogt kabel-TV kanalen.
Allmennkringkastingsplakaten til NRK
Vi har lagt ut høyringsfråsegna Kringkastingsringen sendte til departementet om NRK sin nye allmennkringkastingsplakat under “pressemeldingar” på heimesida vår.
Les også meir om ulike sider ved allmennkringkastingsplakaten og – spørsmål på nettsidene til Vox Publica.
http://voxpublica.no/
NMU streikar for nynorske læremiddel
Kringkastingsringen stør Norsk Målungdom i kampen for å få nynorske læremiddel på same tid som elevar som skriv bokmål.
Viss du vil støtta aksjonen, kan du lasta ned underskriftsarket (pdf) på heimesidene til Norsk Målungdom. Skriv under og send inn!
Allmennkringkastingsrapporten 2006
Medietilsynet la i dag fram Allmennkringkastingsrapporten 2006. Tilsynet merker seg at NRK2 framleis har svært lite nynorsk, slik at nynorskprosenten for NRK fjernsyn til saman er 18,5. Om dette seier tilsynet: “Etter Medietilsynets vurdering er det kritikkverdig at NRK for andre året på rad ikke innfrir minimumskravet til nynorskandel i sitt programtilbud”, og “Medietilsynets konklusjon er således at NRK ikke innfrir kravet om bruk av nynorsk i sin kjernevirksomhet i 2006.”
Aftenposten i nynorsk-krangel
BT-journalisten Per Marifjæren meiner at Aftenposten krenka opphavsretten hans då dei omsette ein artikkel han hadde skrive til bokmål.
Lokalaviser vil ikkje på nett
Medan nettet går forbi fjernsyn som nyhendeformidlar, kvir lokalavisene seg for å presentera stoffet sitt på Internet.
Media-Norge i hardt vêr
Både Konkurransetilsynet og Mediatilsynet er kritiske til storfusjonen “Media-Norge”, som vart vedteken sist torsdag.
Bjerkaas tek ikkje ansvar for OL
Hans-Tore Bjerkaas er ikkje sikker på at NRK treng å ha ansvar for kringkastinga av OL i 2018.
230.000 får ikkje inn digital-TV
230 000 kjem ikkje til å kunna ta imot signalar frå det nye digitale bakkenettet. Når det gamle, analoge nettet vert skrudd av, vil dei møta svarte TV-skjermar — dersom dei ikkje har parabol.
