Kringkastingsprisen 2010 til NRK-nestoren John Skien

PRESSEMELDING FRÅ KRINGKASTINGSRINGEN 27.04.2011

Utdelinga skjer på Det Norske Teatret onsdag 27. april klokka 11:00

Kringkastingsprisen 2010 går til John Skien.

- John Skien er ein del av ryggraden for nynorsk i fjernsynet, og han har gjort eit særs viktig arbeid i Norge Rundt, der han både har rekorden i talet på gongar han har vore programleiar (fire) og talet på innslag han har laga (170). Det er ei glede å dela ut Kringkastingsprisen til han, seier Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

Skien (f. 1944) er oppvaksen i Ølen, og er programleiar og journalist i NRK, der han vore fast tilsett sidan 1975. For mange er han nok mest kjend frå Norge Rundt, men han har òg vore tilsett i Sporten og har no tilhald i NRK Rogaland.

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Frå NRK kjem Ragnar Christensen og Dagmar Blåsvær for å helsa prisvinnaren.

Pressa er velkommen til å møta prisvinnaren under utdelinga!

For meir informasjon:
Martin Toft, styreleiar, tlf. 415 14 038
Tarjei Vågstøl, dagleg leiar, tlf. 452 31 489

Grunngjeving frå juryen

John Skien, journalist og programleiar i NRK, er fødd i Stavanger i 1944, og oppvaksen i Stavanger og Ølen.

Etter fyrst å ha vore lærar og frilansa nokre år for NRK, vart han fast tilsett i 1975. Han har no tilhald i NRK Rogaland. Han har mellom anna òg arbeidd i Oslo for sportsredaksjonen eit år.

Han er likevel fyrst og fremst kjend som journalist og programleiar i Norge Rundt, der han har vore programleiar i fire omgangar og produsert over 170 innslag, begge delar rekord.

Kringkastingsprisen skal gå til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Prisvinnaren i år har vore ei solid og trygg nynorskrøyst i eitt av dei mest populære programma i fjernsynet. Norge Rundt har vore representanten for ‘kvarmannsen’ i rikskringkastinga, og synt fram heile det mangfaldige, rare og rike landet vårt.

John Skien har gjort dette med ein god, trygg og musikalsk nynorsk med klang frå Sør-Vestlandet. Juryen er glade for at Skien i alle desse åra har vore ein del av ryggraden for nynorsk i fjernsynet, og det er ei glede å gje han Kringkastingsprisen for 2010.

This entry was posted in Kringkastingsprisen, Pressemelding and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>