Kringkastingsringen fyller 60 år!

Magne Rommetveit.rgb.litenSom start på jubileumsåret arrangerer me ein vervekampanje. Målet er å få 100 nye medlemer.  Premien er ein iPad mini med Retina skjerm til ein verdi av 4000 kroner. Premien går til den som har klart å verve flest nye medlemer.

Kampanjen startar i samband med årsmøtet, onsdag 25 mars, og varer fram til fredag 1 mai. For at vervinga skal telje må den verva personen ha betalt medlemskontingent  innan 1 mai.

For å bli medlem kan ein anten betale rett til konto 8101 34 42517,

sende oss ein e-post på post@kringkastingsringen.no,

eller brev til Kringkastingsringen, postboks 9161 Grønland, 0134 Oslo

Merk innsendinga eller betalinga med namn, adresse og kven som har verva.

Årspengar er 300 kroner for personar over 25 år og 150 kroner for dei under.

 

Me ynskjer alle lukke til!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *