Kringkastingsprisen til NRK Super

Barne-TV har ein undervurdert innverknad på identiteten vår. Eller, det er ei innverknadskraft som er så sterk at det nesten er umogleg å ikkje undervurdere den. Ikkje berre formar den tankane og leikane våre som små, men på subtile måtar har det mykje å seie for kven me vert som vaksne òg. Alle på skjermen i barne-TV-tida er førebilete – frå dei menneskelege vertane til handdokkene og teikneseriefigurane.

Kringkastingsprisen for 2015 vert tildelt NRK Super, for sitt framifrå arbeid med nynorsk og dialekt. NRK sitt barnetilbod har hatt ein enorm nynorskvekst dei siste fem åra, og er står i spissen for NRK sitt språkmangfald. I Kringkastingsringen snakkar me mykje om prosentar, men NRK Super sine prestasjonar kan ikkje berre målast kvantitativt. Dei fortenar meir skryt for sitt språkmedvit, som er gjennomtrengjande for alt arbeidet dei gjer.

Språkmangfald er svært viktig for born. Viss dei får høyre si eiga dialekt og lese sitt eige skriftspråk i media, vil dette styrkje identiteten og sjølvkjensla deira. Det vil kanskje òg vere med å førebyggje føredommar mot nynorsk i andre delar av landet. Det er difor sentralt at NRK si sendeflate speglar Noreg geografisk, etnisk, kulturelt og språkleg. I tillegg synar forsking at eit dialektmangfaldet som me har i Noreg, gjer det lettare å forstå omgrep, andre dialektar og andre språk – sett at ein vert eksponert for det, sjølvsagt.

Til slutt vil eg framheve ei annleis grunngjeving. La oss kalle det «den nostalgiske dimensjonen». NRK Super fortenar òg skryt for å skape ein type barne-TV slik det var før – på ein moderne måte. Verda er i endring og barndomen vert internasjonalisert. Ikkje berre får born over store delar av verda likare referanserammar, men utan slike tilbod som NRK Super utgjer, står norske born i fare for å miste sine eksklusivt norske referansar. Det norske språkmangfaldet vert nok ikkje teke vare på i amerikanske storproduksjonar eller japanske teiknefilmar.

Sjølv hugsar eg sjelsettande opplevingar frå Flukta frå Dyreskogen. Dette var ein produksjon frå Den europeiske kringkastingsunionen, som likevel vart til noko typisk norsk, mellom anna med Hallvard Lydvo si klengjande stemme som karakteren «Rev».I tillegg til Ninja Turtles og Power Rangers, er dette noko som får meg til å tenkje tilbake på borndomen – og no framover på framtida.


Preben Sørheim, dagleg leiar i Kringkastingsringen i Norsk Tidend.