Vel gjennomført årsmøte

No har me enderleg fått gjennomført eit godt årsmøte. Det møtte 18 stk til møtet som vart skipa 24. august. Dei vedtekne dokumenta, som arbeidsplan, og årsmelding ligg ute på heimesida no. Dei finn du her. Der ligg òg referat frå møtet.

Leiar Vegard T. Foseidet (biletet) er valt for eitt år til, og resten av det nye styre er presentert på heimesida.

I tida framover kjem me til å jobbe med å ferdigstille neste nummer av Kringom. Me får stadig noko av posten me sender ut i retur. Meld i frå om du har endra adresse, so neste nummer av Kringom kjem fram til deg!

Vidare skal me jobbe med å utarbeide ein rapport som tek føre seg måling av språk i NRK, det er på høg tid at dette kjem opp i ordskiftet att!

Tak gjerne kontakt med oss på kontoret dersom det er noko du lurar på. Du når oss på post@kringkastingsringen.no eller 23 00 29 50. Kjernearbeidstida er tysdag-torsdag.