Møte med NRK Super

I går hadde me vårt årlege møte med NRK Super. Dei kunne fortelje at dei er opptekne av å ha eit breitt mangfald av dialektar i kanalen. Dei ynskjer at borna skal kjenne seg att i det dei ser på TV.

Kringkastingsringen trakk fram at me ynskjer at dei vert flinkare til å nytte normert nynorsk, både i tale, men ikkje minst på nett. NRK Super var einige i at dei har litt å jobbe med når det gjeld meir nynorsk på nett. Me ser fram til å sjå resultat der!

Dei fortalde elles at dei ofte prioriterer å nytte nynorsk dubbing på seriar dei veit vil bli populære, – også på nett-TV, og i app-speleren for born.

I tida frametter vil ein kunne sjå og høyre nynorsk i desse produksjonar:

  • Perla
  • Snøfall
  • Labyrint
  • Klart eg kan
  • Plantepatruljen
  • Litt av en jobb
  • Dyrevenn
  • Julemorgen

Jamvel om nokre av produksjonane har bokmålsnamn, vil det vere til dømes programleiierar med nynorsknær dialekt, musikk med tekst på nynorsk og liknande. Fleire av dei overnemnde produksjonane er og sett til andre byar, Tromsø, Trondheim og Bergen.

Møte med NRK Super

Her er møtelyden ved sidan av Kringkastingsprisen NRK Super vart tildelt i fjor. Biletet av Per Kleiva har fått ein sentral plass i gangane hjå NRK Super. Frå høgre: Leiar i Kringkastingsringen, Vegard T. Foseide, leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, rådgjevar i NRK Super, Karoline Evensen, programredaktør i NRK Super Hildre Gulliksen. Til stades på møtet var òg redaksjonssjef Ingrid Marie Hafstad og dagleg leiar i Kringkastingsringen, Anne Svanaug Straume. Foto: Anne Svanaug Straume.