Har sikla etter prisen i 20 år

Arill Riise var svært glad da han fekk Kringkastingsprisen 2016. – Eg har lagt merke til prisvinnarane kvart år, og håpa at eg ein gong kanskje skulle få han sjølv. Dette har eg sikla på lenge, sa nyhendeankeret under prisutdelinga.

Kringkastingsringen tok turen til Bergen for å dele ut prisen fredag 2. desember. Om lag tjuefem menneske var møtt opp i Ervingen kulturhus for å heidre vinnaren.

– Det er ei stor ære å få same utmerking som mellom andre Herbjørn Sørebø, Hartvig Kiran og Arthur Klæbo har fått prisen før meg. Det er både inspirerande og forpliktande – eg må vera kravstor til meg sjølv i det daglege, og skal halde fram med å finslipe språket mitt enda meir enn før, sa prisvinnaren.

Riise understreker kor viktig det er å arbeide med språket kvar einaste dag, viss ikkje blir det til slutt likegyldig for dei som høyrer på. Ein blir aldri ein utlærd språkbrukar, meiner han. Sjølv har Riise vald å bruke ein munnleg og aktiv nynorsk i TV2, der det aller viktigaste er å bli forstått.

Ei ryggstø for dialektane

Journalisten frå Sæbø starta karrieren i NRK i 1983. Der var han programleiar for mellom anna Norge Rundt, Sommeråpent og Dagsrevyen. Sidan 2006 har vi sett han på TV2 i program som God Morgen, Norge og Landstinget. I dag er han nyhendeanker i hovudssendingane til TV2 Nyheter.

I grunngjevinga til juryen står det mellom anna at Arill Riise er ein tydeleg og stødig språkbrukar som formidlar nyhende på eit tilnærma normert nynorsk. Han trekkjer sjølv fram normaltalemål som ei viktig ryggstø for dialektane. Men overgangen til normert språk var ikkje berre enkel.

– Det var eit tap å sleppe dialekten min. Da eg arbeidde i NRK Møre og Romsdal fekk eg beskjed om at eg måtte prate normert, for nordmøringane forstod ikkje ørstadialekt! Men seinare, særleg etter eg flytta til Oslo, var nynorsken god å stø seg på. Eg vil gjerne nytte høvet til å takke Asbjørn Gjerde, han var på mange måtar den språklege mentoren min.

Språkleg mangfald

I takketala sa Riise at han aldri har fått kjeft for språket sitt, eller at han har møtt på hindringar som nynorskbrukar. Han meiner at nordmenn har blitt rausare når det gjeld språkleg mangfald. Prisvinnaren er heller ikkje redd for framtida til nynorsken i TV2.

– To av tre nyhendeanker på TV2 er nynorskbrukarar. Vi er den einaste kanalen i Noreg som har eit mannleg nynorskanker. Mange unge journalistar nyttar nynorsk. TV2 har ein raus språkpolitikk der det er viktig å spegle heile folket. Eg synest det fungerer godt utan at det finst eit språkkrav i TV2. Det er langt viktigare at hovudkontoret held fram med å liggje i Bergen. I Oslo blir ein lett sogen inn i hovudstadsspråket. Riise avslutta med å seia at prisen er ein stor inspirasjon til å «gønne på» vidare.

riise-stort-nett