Nynorsken tilbake i TV2-krava

Stortingsmeldinga “Kommersiell allmennkringkasting” vart lagt fram av kulturminister Linda Hofstad Helleland 16.desember. Der kjem regjeringa med krav om 50% norsk språk og bruk av begge målformer for ein kommersiell allmennkringkastar. Den førre avtalen frå staten som TV2 tidlegare i haust ikkje ville søke på, inneheldt ingen språkkrav til kanalen.

Kringkastingsringen er glade for at det blir stilt krav om norsk språk og nynorskbruk, og meiner det er sjølvsagt at ein kommersiell allmennkringkastar skal nytte nynorsk, og at regjeringa må stille absolutte krav om dette. Den nye avtalen bør òg spesifisere at kravet til målform skal gjelde alle plattformar den kommersielle kanalen kjem til å publisere på i framtida.

Statsstøtte

Stortingsmeldinga legg opp til at staten skal gje 15 millionar euro (om lag 135 millionar kroner) i statsstøtte mot at visse kriterium blir oppfylte. Mellom desse krava er òg at søkaren skal ha hovudsete utanfor Oslo, slik TV2 har i Bergen i dag.

Kringkastingsringen meiner det er godt nytt for kringkastingsspråket at (den sannsynlege søkaren og vinnaren) TV2 framleis må halde til utanfor hovudstaden. “I Oslo blir ein lett sogen inn i hovudstadsspråket”, som årets vinnar av Kringkastingsprisen, Arill Riise, seier.

Kan godt gå lenger

Kringkastingsringen meiner òg at kulturminister Linda Hofstad Helleland godt kan gå endå lenger i språkkrava. Viss om lag 135 millionar statlege kroner skal gå til ein kommersiell allmennkringkastar, er det ingenting i vegen for å stille like gode språkkrav som NRK har.

 

 

 

Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *