Endeleg er nynorsk lov i VG!

Det var ikkje eit eingongstilfelle, då VG sine lesarar endeleg kunne nyte nynorsk i spaltene deira den 10.mars. Det har ansvarleg redaktør i VG, Gard Steiro, no slått fast i fleire intervju. Berre sjå på dette han seier til framtida.no:

-VG har som ambisjon å vera ei nyhendeavis for heile landet. Då må det òg vera rom for nynorsk i nyhendejournalistikken.

Gard Steiro.               Foto: Hallgeir Vågenes, VG


Me i Kringkastingsringen er veldig glade for den nye språkpolitikken til landets nest største papiravis, og landets største nettavis. Endeleg kan nynorskbrukarar møte språket sitt på endå fleire stader, og på endå fleire måtar.

Me vonar no dei andre storavisene tek etter VG, som òg var fyrst ute med å kome i tabloidformat, som alle dei andre avisene kjem ut i no.

Les meir her hjå NRK, og ikkje minst sjå VG-saka som markerer gjennombrotet.