Harding tek over i Kringkastingsringen

Guro Kvalnes (25) frå Ullensvang i Hardanger vart vald til ny styreleiar i Kringkastingsringen på årsmøtet i går.


Ho har ein master i litteraturformidling frå UiO og arbeider for tida som marknadskonsulent i Det Norske Samlaget.

Kvalnes har tidlegare vore praktikant ved NRK Nynorsk Mediesenter og arbeida i NRK Kulturnytt.

– Det er viktig at alle får sjå språket sitt i media, også nynorskbrukarar. Me vil halde fram med å arbeide for at nynorsk skal få ein rettkomen plass i media, seier Kvalnes.

Ho gler seg til å ta fatt i arbeidet, og det første ho gjer er å  invitere til ein open kveld med Kringkastingsringen 27. april.

– Me skal få høyre meir om handlingsplan for nynorsk i NRK av Ingvild Bryn. Det vert og debatt om språkopplæringa ved dei ulike journalistutdanningane, so det er berre å følgje med, seier Kvalnes.

Med seg i styret har ho Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Stordal, Hans Olav Rise frå Ulsteinvik, Marit Heier Lajord frå Vang i Valdres, Vegard T. Foseide frå Fræna.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *