Kringkastingsringen inviterer

Me inviterer til ein open kveld 27. april på Litteraturhuset i Oslo. Kvelden byrjar kl 19 presis med ei innleiing frå Ingvild Bryn, som for tida er språksjef i NRK. Ho skal snakke om korleis dei jobbar med å nå stortingskravet om minst 25 prosent nynorsk på alle plattformar i NRK. Det vert høve til å stille spørsmål.

Vidare vil me få ein debatt om kor vidt ein treng NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter i Førde for å sikre eit godt nynorsk mediespråk, kvifor er det ikkje tilstrekkeleg med dei andre journalistutdanningane? I panelet sit førebels Yngve Benestad Hågvar, førsteamanuensis frå Høgskulen i Oslo og Akershus og språkansvarleg ved journalistutdanninga; Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter; prodekan ved avdeling for mediefag ved HiVolda, professor Paul Bjerke og Maria Lavik, vaktsjef i Klassekampen.

Kvelden vert avslutta med song av Ivar Magnus Sandve og Erik Maxim Kronda frå Barratt Due Musikkinstitutt!Kvelden er open for alle, også folk som ikkje er medlem i Kringkastingsringen, so tak gjerne med ein ven.

Det er gratis!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *