Vil gjerne ha meir nynorsk i avisene

Teksten var fyrst publisert i Kringom nr 1 – 17 

Av: Karl Kristian Langeland, vara til styret

Bengt Flaten frå Askim såg på nynorsk som noko herk i oppveksten. I dag er han redaktør i nynorskavisa Fjordingen og skulle ynskje at fleire riksaviser var meir opne for å nytte nynorsk.

– Eg tenkjer at også ein del riksaviser kunne vore meir opne for å nytte nynorsk i journalistikken. Det burde ikkje vore verre for dei enn for NRK som nyttar nynorsk både ved teksting av TV-innslag og ikkje minst i mange nettsaker.

Flaten fortel at for ei lokalavis med lokal forankring i nynorskland er det heilt naturleg at nynorsk er skriftspråket.

– Einaste unntaka vi gjer er for lesarbrev som er sendt oss av bokmålbrukarar. Vi har til dags dato ikkje fått negative reaksjonar på det, fortel Flaten.

Flaten ser på nynorsk som eit flott skriftspråk, og tenkjer ikkje så mykje over om han les eller skriv ein tekst på bokmål eller nynorsk, men så var det heller aldri tanken at han skulle ende opp som redaktør i ei nynorskavis.

– Medan kona mi og eg budde i Mysen, abonnerte vi på lokalavisa Fjordingen, sjølvsagt utan ein einaste fjern tanke om at eg skulle bli redaktør her fleire år seinare. Gjennom lesing av Fjordingen gjennom fleire år fekk eg automatisk med meg mykje nynorsk.

Trass lite begeistring for nynorsk i ungdomen er Bengt no redaktør for ei nynorskavis. Foto:Fjordingen.

Dette såg Flaten verdien av då han tok til som Sunnmørsposten-journalist i 1994, og plutseleg skulle han levere alle artiklane sine på nynorsk.

Sjølv om Flaten fekk inn ein del nynorsk gjennom avislesing så var ikkje starten som nynorskjournalist i Sunnmørsposten i 1994 heilt smertefri likevel.

– Dei fyrste to vekene i Sunnmørsposten var dei vanskelegaste. Eg hadde ei bratt lærekurve med flittig bruk av ordliste og av og til spørsmål til kollegaer.

Etter få dagar i den nye jobben, fekk han besøk av ein pensjonert lærar som ville gje nokre gode råd. Læraren hadde registrert at Sunnmørsposten hadde fått ein ny journalist som neppe kunne ha nynorsk som sitt morsmål, fortel Flaten.

– Det viktigaste rådet læraren gav meg, var dette: Er du i tvil om kva du skal skrive, så styr unna dei eldgamle uttrykka. Då er det betre å bruke meir moderne uttrykk som er tilpassa folk sin daglegtale.

Råda må ha vore gode, for etter kvart fann Flaten vegen til redaktørstolen i Fjordingen, og no føler Flaten seg komfortabel med, og glad i, nynorsken.

– Eg føler vel at du med nynorsk kjem nærare inn på kulturen, folket og folkelynnet i dei områda vi skriv om og frå, seier Flaten.

Jamvel om Fjordingen er ei nynorskavis er det nokre nynorskord dei likevel ikkje nyttar i avisa.

– ”Turvande” og ”kverrsett” er to ord vi ikkje nyttar i Fjordingen sine spalter. Også meiner vi i Fjordingen at det held lenge å ha eitt namn på landet vårt. Så i Fjordingen si språknorm skriv vi Norge og ikkje Noreg, avsluttar Flaten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *