Skjerp språkkrava

Pressemelding: 25.09.2017

Laurdag gjekk fristen ut for å søkje seg til ny allmennkringkastaravtale, med TV 2 som einaste søkjar. Regjeringa jobbar mot å inngå avtalen om kommersiell allmennkringkasting i desember.

Kringkastingsringen tek det som ei sjølvfølgje at avtalen i det minste kjem til å innehalde eit språkkrav om å nytte begge målformene, denne gongen som sist. Men me meiner at kulturministeren ser at denne kommersielle allm

ennkringkastaren bør ha strengare og meir spesifikke språkkrav retta mot seg.

– Det er ingenting i vegen for at TV 2 ikkje skulle hatt like strenge krav til bruk av nynorsk, som NRK, seier styreleiar Guro Kvalnes.

Gjennom nesten 25 år har TV 2 vore ein kommersiell allmennkringkastar, og dei har aldri fått kritikk av Medietilsynet for å ikkje oppfylle kravet om å nytte begge målformene. Nettopp fordi dei alltid har nådd dette målet. Kanalen har hatt sterke nynorskprofilar på skjermen og hatt gode tradisjonar for dialektmangfald.

Kravet i dei gamle konsesjonsavtalane har berre retta seg mot hovudkanalen til TV 2. Media forandrar seg,

og tida er mogen for å skjerpe krava.

– Ein må få eit krav om å nytte nynorsk på alle plattformer TV 2 nyttar til formidling, i takt med medieutviklinga, held Kvalnes fram.

Skal ein kunne oppfylle det fjerde allmennkringkastingsprinsippet om å styrke norsk språk, identitet og kultur, kan ein ikkje konsekvent velje vekk den eine målforma på nett eller andre formidlingskanalar.

– Ein må nytte språka våre på alle plattformer. Det må regjeringa sikre at ein kommersiell allmennkringkastar gjer, avsluttar Kvalnes.

 

For spørsmål tak kontakt. Guro Kvalnes, tlf: 991 22 834, post(@)kringkastingsringen.no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *