Anne Lognvik fekk Kringkastingsprisen 2017

Anne Lognvik får pris for god språkføring

Om tretti år kjem folk til å seie «Eg jobba med Anne Lognvik» – og så kjem det til å gå eit sus gjennom rommet, sa Stig Bolme, redaktør i NRK Telemark under dagens prisutdeling. I dag vart Kringkastingsprisen delt ut for 40. gong – og i år gjekk prisen til Anne Lognvik i NRK Telemark.

Lognvik har sidan åttitalet har jobba i NRK Telemark. Gjennom denne tida har ho arbeida på underkontoret Seljord, vore distriktsredaktør i NRK Telemark og innom Norge Rundt.

Ho har arbeida som journalist på alle plattformar, og leverer godt alle stader, seier styreleiar i Kringkastingsringen Guro Kvalnes.

Breidda i saker ho har dekt strekk seg frå rettsaka mot Anders Behring Breivik, til bygdekveldar og intervjuer med dronninga.

Årest prisvinnar har synt at dialekta hennar, og nynorsk, er eit mediespråk som høver i alle samanhengar, seier Kvalnes.

Anne Lognvik er eit språkleg førebilete. Hennar språklege tryggleik gjev andre tyggleik i sitt eige språk, med si eiga dialekt, held ho fram.

Språket mitt er mine kulturelle røter, seier Lognvik, som tykkjer det er ei stor ære å motta Kringkastingsprisen.

Kollegaene på Borgeåsen skryt av Lognvik og fortel at ho er den mest produktive journalisten i redaksjonen, og den mest profilerte journalisten i NRK Telemark. For mange lyttarar og sjåarar er ho synonymt med NRK Telemark.

Petter Stordalen sa i samband med NRK Telemarks 40-årsjubileum at “heile meg smiler innvendig når eg høyrer Anne Lognvik på radioen”, og han er nok ikkje den einaste som kjenner det slik.

Juryen trekk fram i grunngjevinga si at Lognvik har gjennom mange år med sin støe nynorsk og trygge raulandsdialekt, ført det norske språkmangfaldet til mange heimar i Telemark, og i Noreg.

Telemark er eit fylke med store variasjonar, med Seljord og Bø som over lengre tid har vore under press frå nærliggande bokmålsområder. Lognvik er med på å styrke dialekttryggleiken i Telemark, avsluttar Guro Kvalnes.

Kringkastingsringen er ein interesseorganisasjon som sidan stiftinga i 1955 har vore pådrivar for at medieverksemdene skal føre ein språkpolitikk som speglar språkmangfaldet i Noreg og for at styresmaktene skal leggje forholda til rette for at vi skal få eit godt og mangfaldig språk i media. Kringkastingsprisen har blitt delt ut sidan 1978. Prisen går til ein person som har merkt seg med eit god mediespråk, i radio eller fjernsyn, eller begge deler. Og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet

Foto: Guro Kvalnes, styreleiar i Kringkastingsringen (t.v) overrekker årets pris til Anne Lognvik. Foto: Inger Størseth Haarr

One thought on “Anne Lognvik fekk Kringkastingsprisen 2017

  • Bra å gje prisen til Anne Lognvik – så fortent – og slik ei oppmuntring for henne og andre som nyttar ei fullgod målføring på nynorsk grunnlag !

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *