Har normert tale utspelt si rolle?

Er normert tale på veg ut av radio og TV? Treng ein normert språk for å bli forstått, eller er dialektane gode nok? Har normert tale utspelt si rolle? Velkomen til ein kveld om nettopp dette.

Fylkesmållaget Vikværingen og Kringkastingsringen inviterer til ein open kveld, der normert tale i radio og TV er tema.

Først får me ei innleiing av Ruth Vatvedt Fjeld. Ho er professor i Nordisk språk ved UiO, og har 12 års erfaring som språkkontakt i NRK.
Etterpå vert det paneldebatt. I panelet denne gongen sit Ingerid Stenvold (NRK), Ola E. Bø (Det Norske Teatret), Sylfest Lomheim (UiA), Inger Johanne Solli (NRK).

Me held lokalet ope ei stund etter debatten, der har du høve til å halde fram diskusjonen, verte betre kjent med oss, og få deg ein kopp kaffi samt eit kakestykke.

Til å føre oss gjennom kvelden har me Guro Kvalnes og Hans-Olav Rise.

Me vonar så sjå nett deg på Kvernland på Litteraturhuset 15. november!

Gratis inngang.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *