Kringkastingsringen uroa for framtida til distriktskontora

Kringkastingsringen ønskjer sterke distriktskontor, også for framtida. Vi er uroa for ringverknadene ei vidare svekking av distriktskontora vil ha å seie for nynorskprosenten i NRK.

Dei siste åra har Kringkastingsringen sett med uro på at NRK stadig har kutta stillingar ved distriktskontora. Det er ikkje vanskeleg å slå fast at distriktskontora står for ein stor del av den nynorsken folket i Noreg får presentert på radio, TV og nett, seier styreleiar Guro Kvalnes.

Etter at NRK rett før nyttår kutta i distriktssendingane på TV har det komme mange reaksjonar frå publikum som førte til ei reversering av omlegginga. Publikum ønskjer enkelt og greitt ikkje at NRK skal kutte ned på TV-tilbodet lokalt. Det ønskjer 

ikkje Kringkastingsringen heller, men vi meiner utgangspunktet for forandringane var meir positivt enn utfallet vi no ser.

NRK ønskte å flytte ressursar over til å produsere meir kvalitetsstoff på alle flater, ifølgje distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen. Det var vi positive til, for NRK klarer stadig ikkje å følgje kravet om 25 prosent nynorsk, seier Kvalnes.

I den siste Allmennkringkastingsrapporten konkluderte Medietilsynet med at NRK ikkje oppfylte nynorskdelen i 2016 heller. Det var nedgang på alle flater. På NRK.no var nynorskdelen på skarve 17 prosent.

Distriktskontora bør styrkast, men når det skortar på ressursane må ein gjere det beste ut av det ein har. At gode journalistar ved distriktskontora, mange av dei nynorskjournalistar, skulle få meir tid til å lage kvalitetsjournalistikk, var positivt. Det kunne gjort at nynorsk fekk ein meir framståande posisjon på NRK sine flater, meiner Kvalnes.

I ein leiarartikkel 12. januar skreiv Aftenposten at distriktskontora treng ei full overhaling. Vi skal ikkje meine noko om kva NRK bør gjere mediepolitisk, men vi er svært positive til endringar som kan styrke posisjonen til nynorsken.

Eg tør nesten ikkje tenkje på korleis posisjonen til nynorsken i NRK hadde vore utan distriktskontora. Samanhengen mellom nynorskdelen, dialektmangfaldet og distriktskontora er udiskutabel, seier Kvalnes.

Kringkastingsringen meiner NRK bør gjere meir for å sikre at den lovpålagde nynorskdelen blir følgt opp. Samstundes er vi positive til endringar som kan gi nynorsk ein viktigare plass på NRK sine flater. Meir ressursar til nynorsk kvalitetsjournalistikk kunne slått positivt ut på begge områder, men i staden har NRK valt å så å seie la alt vere som før. Vi ventar no spent på kva planar rikskringkastaren har for distriktskontora framover

For spørsmål, tak kontakt med Guro Kvalnes, tlf: 991 22 834 eller gurokvalnes@hotmail.com