Ledig stilling som dagleg leiar (50%)

Me søker ein person til stilling som dagleg leiar for organisasjonen, i 50 prosent stilling. Stillinga er eit åremål for ein periode på tre år. Søknadsfrist 31. mai, men me gjer intervjuer med aktuelle kandidatar undervegs.

Dagleg leiar skal vera sekretær for styret, vera redaktør i medlemsbladet Kringom, og fremja synspunkta til organisasjonen overfor medieselskapa og styresmaktene. Dagleg leiar har òg ansvaret for medlemsregister og økonomistyring. Andre oppgåver er informasjonsarbeid, oppdatering av nettside, verving og nettverksbygging.

Stillinga som dagleg leiar er difor hovudsakleg knytt til utoverretta politisk arbeid og informasjonsarbeid. Medlemsbladet Kringom kjem ut tre gonger i året og dagleg leiar har ansvaret for tekstane i bladet. Du må derfor rekna med ein del journalistisk arbeid. I tillegg kjem skriftleg arbeid som høyringsfråsegner, pressemeldingar og lesarbrev.

Kringkastingsringen arbeider nært med Noregs Mållag og andre nærskylde organisasjonar i målrørsla. Samarbeid og nettverksbygging er derfor ein viktig del av stillinga

Typiske arbeidsoppgåver vil vere: betale rekningar, svare på hendvendelsar, føre rekneskap, oppdatere medlemsregister. Brekke medlemsbald, skrive referat, deltaking på møter osb. Ein er og ein ressurs for styret når dei skal gjennomføre arbeidsprogrammet for perioden.

Noko arbeid på kveldstid må påreknast, samt nokre reiser ut av Oslo.

Me ser etter ein person som:

  • Har god kjennskap til organisasjonslivet.
  • Er ryddig og strukturert, med evne til sjølvstendig arbeid.
  • Har kjennskap til rekneskapsføring.
  • Har kjennskap til program som InDesign og photoshop, og gjerne fleire adobeprogram.
  • Som har eit hjarte for målsaka.
  • Det er eit absolutt krav at du skriv god nynorsk.

Ein må ha fullført vidaregåande skule, og gjerne har fullført, eller i alle høve, byrja høgare utdanning. Arbeidet let seg kombinere med studier. Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar er like viktige som formell utdanning.

Stillinga vert lønna etter kvalifikasjonar og eingenskapar etter avtale i lønnstrinn 38-42.

Utgangspunktet oppstart 6. juli, men me er fleksible med tanke på ferietid. Opplæring vert gjeve, tid vert avtalt.