Kjartan Helleve vert ny dagleg leiar

Kjartan Helleve tek over stilling som dagleg leiar i Kringkastingsringen etter Anne Svanaug Straume. Han tek til 13. august og i dag takka Kringkastingsringen Straume av og ynskjer Helleve velkomen til Kringkastingsringen.

Helleve har arbeida som informasjonskonsulent i Noregs Mållag i over eit tiår, og no kjem han til oss. Helleve har lang erfaring frå målrørsla, både utoverretta politisk arbeid og informasjonsarbeid. Han har mellom anna hatt ansvar for Norsk Tidend for Noregs Mållag.

– Kjartan Helleve er ein kapasitet med inngåande kjennskap til rørsla og organisasjonen. Me er veldig glade for at han ville bli ein del av laget, seier styreleiar Guro Kvalnes.

Straume skal halde fram med juss-studia og ho ser fram til å kunne nytt all si tid på å dukke ned i lovverket.

– Du er eit makalaust arbeidsjern, sa Guro Kvalnes då ho takka av Straume i dag. Me særs nøgde med det arbeidet ho har lagt ned for organisasjonen og ynskjer ho lukke til med studia, seier Guro Kvalnes.