Tomme ord og brotne lovnader frå NRK

NRK har i mange år fått kritikk for nynorskbruken. Tala frå allmennkringkastingsrapporten syner ingen betring i situasjonen for nynorsk i NRK. Verst er det på nrk.no

– Kva må eigentleg til for at NRK skal gjere noko med den fallande nynorskprosenten? spør Guro Kvalnes, styreleiar i Kringkastingsringen.

I rapporten for 2017 ser vi ein nedgang på nær alle flater, med nokre få unntak. NRK Super er, som vanleg, eitt av dei heiderlege unntaka. Trass gjentekne lovnader har nynorskdelen på nett derimot falle til 16 prosent i 2017 mot 18 prosent i 2015.

– Sjølv om NRK med brask og bram lanserte ein eigen handlingsplan for nynorsk, har ingenting forandra seg. Det er sterkt klanderverdig at dei ikkje har tatt tak i problema på nett, sjølv om vi har høyrt fagre lovnader knytt til Handlingsplanen for nynorsk i NRK. Dette er ikkje godt nok, og vi kjem ikkje til å la NRK sleppe unna med dette, lovar Kvalnes.

Kringkastingsringen har det siste halvåret gjort eit eige arbeid for å sjå korleis det står til med nynorsken i NRK. Våre eigne målingar gjer ikkje situasjonen betre. Vi veit frå før at av dei

 skarve 16 prosenta nynorsk som finst på nett i NRK, kjem 40 prosent av dei skrivne artiklane frå NRK Sogn og Fjordane. 

– Nynorskdelen som kjem ut via NRK.no, «nettavisa» til NRK, er på kring 5 prosent, ifølgje våre eigne målingar gjort med jamne mellomrom, seier Kvalnes.

Vi har også prata med ei rekkje nynorskbrukarar i NRK-systemet for å få betre innsyn i korleis NRK jobbar for å betre situasjonen. 

– Ikkje éin av dei mange spurte seier at Handlingsplanen for nynorsk har gjeve noko utslag, fortel Kvalnes.

Etter at rapporten blei lagt fram i dag noterer vi oss dei vanlege unnskyldningane frå leiinga i NRK. Marius Lillelien, mediedirektør i NRK, seier til Medier24 at «det handlar om å auke talet som skriv nynorsk på NRK.no. Det konkrete der er at dei som beherskar begge målformer, skal skrive nynorsk.»

– Lillelien gløymer likevel kanskje det viktigaste punktet i handlingsplanen, eit punkt som NRK har oversett i fleire år. Punktet er: Tenk nynorsk når du rekrutterer, seier Kvalnes.

Dei siste åra kan ikkje Kringkastingsringen sjå at NRK i det heile at nynorsk er noko statskanalen har tatt omsyn til.

– Dette er eit syn vi dessverre har fått stadfesta frå fleire hald. Éin leiar i ein sentral posisjon i nyheitsdivisjonen i NRK, har sagt til oss at dei ikkje tek omsyn til nynorsk i det heile når dei skal tilsetje nye journalistar. Vedkommande sa rett ut at dei  få inn fleire fleirkulturelle journalistar, men at nynorskjournalistar ikkje er prioritert i det heile, fortel Kvalnes.

Vi veit at om lag 14 prosent av dei redaksjonelle medarbeidarane i NRK nyttar nynorsk. I leiargruppa blir talet på nynorskbrukarar halvert. 

– Alle nynorskbrukarane vi har prata med i NRK, seier at nynorsk ikkje er tema i det heile. Leiarane i NRK har forsømt seg i årevis, no krev vi kraftig betring i tida framover, avsluttar Kvalnes. 

Les rapporten her: http://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/allmennkringkasting/allmennkringkastingsrapporten2017.pdf 

Pressefoto: http://www.kringkastingsringen.no/2018/06/pressefoto-guro-kvalnes/ 

For spørsmål: Guro Kvalnes, tlf: 991 22 834