Svak TV 2-avtale

– For såpass mykje pengar burde språkkrava til TV 2 vore tydlegare, seier Guro Kvalnes, leiar i Kringkastingsringen.

TV 2 og Kulturdepartementet har signert ein avtale om at kanalen skal drive kommersiell allmennkringkasting neste fem åra. Avtala seier m.a. at minst halvparten av programma skal vera norskspråklege, at båe språkformene skal nyttast og at hovudredaksjonen skal liggja minst 100 kilometer frå Oslo. For krava departementet har lagt inn i avtala, skal kanalen kompenserast med opp til 135 millionar kroner i året.

– Det er sjølvsagt bra at det står noko om norsk språk i avtalen, men det er skuffande at den ikkje er meir konkret. Det burde stått noko om at nynorsk skal nyttast i alle programformer og at den skal vera synleg på nettsida. Særleg gjeld dette innhald som er retta mot born og unge, seier Kvalanes.

Ho seier at TV 2 har vore flinke til å nytta både nynorsk og dialekt, men meiner at dette var eit godt høve til å avtalefesta denne praksisen. Ho er overraska at samisk ikkje er nemnd i det heile.

– Med ein såpass diffus avtale, skulle det ha vore lett å få med noko om samisk språk. Det er vanskeleg å sjå at TV 2 kjem til å prioritera dette når departementet ikkje tek det med i denne avtala, seier Kvalnes.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *