Best på sparket

Foto: Kjartan Helleve

– Dei beste sakene eg lagar, er dei sakene der eg er dårlegast førebudd, seier Harald Thingnes.

– Thingnes sine ord og bilete smeltar mange gonger saman til rein forteljarkunst. Thingnes har eit overskot av humor og forteljarglede som når langt fleire enn dei mest sportsinteresserte.
Juryleiar Solveig Barstad sparde ikkje på godorda då ho delte ut Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i sommar. Harald Thingnes takka for heideren.
– Eg heldt på med på å pusse opp heime, var heilt inne i den bobla, og hadde like før snakka med ein røyrleggjar som hadde ambisiøse planar for kjellaren min. Eg forstod ikkje alt han sa, men nok til å skjøne at dette vart dyrt. Minuttet etter ringde altså Barstad for seie at denne prisen er på mellom anna 50.000 kroner. Då vakna eg. Dette var TV2 Hjelper deg på sitt absolutt beste, sa Thingnes til dei frammøtte i Aasen-tunet.
Då eg møter Thingnes ei stund etterpå er han framleis audmjuk over å ha fått utmerkinga.
– Eg er sjølvsagt glad og stolt over at eg fekk denne prisen, seier han.
– Samstundes er det mange som er flinkare, og eg tykkjer sjølv at eg ikkje er så flink med ord. Men eg var glad for at juryen la vekt på koplinga mellom tekst og bilete, for det er moglegvis der styrken min ligg. Eg elskar å skriva dårlege bilete gode. Det er i det uperfekte eg finn inspirasjon, det er der eg finn ting eg kan nytta i teksten. Dei beste sakene eg lagar, er dei sakane der eg er dårlegast førebudd. Det tvingar meg til å leite etter originale viklarvinklar og bakgrunnar, noko eg kan finne der og då. Dei sakene blir ofte levande og betre visuelt. Det er kjekt å reise verda rundt, men det er utruleg artig å halda med slikt i kvardagen.

– Å koma inn i redaksjonen på slutten av 90-talet var heilt absurd.

Sjølv om Harald Thingnes har arbeidd i NRK Sport i tjue år, vil dei fleste tenkje på han som «ein av dei nye». I 1998 var NRK-monopolet over, internett var kome og mediemangfaldet vart stadig større. Trass i fast jobb i eit av dei alle meste populære fjernsynsprogramma, har han aldri blitt så kjend som dei gamle NRK-travarane.
– Å koma inn i redaksjonen på slutten av 90-talet var heilt absurd. Brått skulle eg arbeide med Arne Scheie, Jon Herwig Karlsen og Kjell Kristian Rike, folk som hadde vore med meg heile oppveksten. Heldigvis var dei utruleg hyggjeleg og støttande folk. Men det var eit generasjonsskifte på gang, der dette store tankskipet måtte endre kurs. Det måtte koma inn nye folk, som skulle erstatta dei uerstattelege, seier Thingnes.
Samstundes skulle leggja om arbeidet sitt, tilpasse seg dei nye tidene. Då Thingnes starta i NRK sat var Radiosporten ein heilt eigen redaksjon som sat i eit anna hus og var helst sett på som ein konkurrent. No er redaksjonane samkøyrde.
– Det har også vore eit løft å måtta levera stoff til nettsidene, men eg tykkjer det har godt ganske bra. Tankskip er moglegvis ikkje så lette å snu, men dei er vanskeleg å stoppa når dei fyrst har kome i siget, seier Thingnes.

Denne endringsvilja kan også gå for langt. Det er fort gjort å kasta ut alt det gamle og treig for å rydda plass til det moderne og raske.
– Me er i eit grenseland. Publikum endrar seg og me kan ikkje halda fram med å syne sport slik me har gjort i alle år. Mange vil aldri koma på å skru på Sportsrevyen sundag kveld, så då må me prøva å nå dei på andre måtar. Ta t.d. ei sending frå ein eller annan friidrett-meisterskap. Skal me syne alle sleggje-kasta slik at entusiastane får sitt, eller skal me bryte opp sendinga med innslag som kan appellere litt breiare? Dette er noko me heile tida må vurdera. For nokre år sidan skipa me til eit seminar for å sjå nærare på langrennssendingane, me hadde ei kjensle av å gjera det same kvar helg, me berre snudde bunka. Ein av dei som snakka var Jon Almås, som er svært langrennsinteressert. Han sa at det var akkurat rutinen han ville ha. Det skulle vera slik det alltid hadde vore. Men som sagt, så er det ein hårfin balanse dette, seier Thingnes.

– Eg kan ta meg i å sakna eit skikkeleg referat:

Tidlegare var det betre tid til eit skikkeleg referat, også på fjernsynet. Men med eit høgare tempo er det ikkje mykje ein får plass til.
– Ja, eg kan ta meg i å sakna eit skikkeleg referat, men det er det sjaldan plass til. Nokon kan spørje om kva vinklinga på saka er, og då tenkjer eg stundom: kva med på vinkle på kven som vann kampen? Men ofte endar me med å fokusere på ein person i staden.
– «Kva føler du no?»
– Nettopp, der er jo kronklisjeen. Men i eit referat frå eit langrennsløp, så får ein mogelegvis plass til eitt einaste sitat. Vil du då ha svaret på korleis utøvaren opplever å endeleg stå på toppen av pallen, eller vil du ha svaret på kva klister vedkommande hadde under skia? Men dette er noko me stadig pratar om i redaksjonen, og om du tok det opp i lunsjen, kunne me ha sete der til i morogon tidleg utan å bli samde.
På same måte som det finst klisjéspørsmål, finst det også klisjésvar. Thingnes er litt forbløffa over at så mange av utøvarane tykkjer dei er så skumle at dei må ty til standardsvar.
– Utøvarane er best medan dei er heilt ferske, før medierådgjevarane får tak i dei. Då kan det vera litt liv i intervjua. Når det er sagt, kan me mogelegvis skulda oss sjølve. I det nokon seier noko som er litt utanfor boksen, så sagar me dei ned i runde nummer to, problematiserer og leitar etter ein konflikt. Då er det forståeleg at dei kvir seg for å seia noko anna enn det heilt sikre. Men eg skulle nok sett at dei kunne ha slappa litt meir av.

Kjartan Helleve

Intervjuet er henta frå Kringom 3-2018.