Kløyvde meiningar om NRK.no

Er det lov å håpa på at nynorskprosenten på NRK.no kjem til å betra seg frametter? Meiningane var delte på møtet Kringkastingsringen og Vikværingen nyleg skipa til. 

DELTE MEININGAR: (f.v.) Hildegunn Amanda Soldal (nettsjef NRK), Erik Bolstad (tidlegare språksjef NRK, no sjefredaktør SNL) og Guro Kvalnes (leiar Kringkastingsringen).

Eit tjuetals frammøtte fekk fyrst ei informativ innleiing frå Marie Therese Lilleborge i Mediatilsynet. Ho la fram tal som synte at NRK er i ein heilt eigen klasse når det kjem til nynorsk journalistikk på nett. Dinest kom Ingvild Bryn, fungerande språksjef i NRK, og fortalde så litt om det dagleg arbeidet med språk i kanalane. Det var ikkje mange klagar om dagen, og faktisk handla mange av dei om radikalt bokmål. Etter ein ørliten pause med kaffi og Twist, var det så tid for paneldebatt.

– Då eg arbeidde i NRK gjekk det ikkje ei veke utan ein eller annan sur kommentar om nynorsk, sa tidlegare språksjef i NRK, Erik Bolstad.

– Eg trur ikkje den haldninga har endra seg i veldig stor grad. Ja, det er nynorsk på heimesidene, men kvar? Dei lange og arbeidskrevjande sakene er alltid på bokmål, men nynorsk ofte må greia seg med dei mindre sakene. Det seier noko om statusen, meinte Bolstad.

Det fekk Hildegunn Amanda Soldal, nettsjef NRK, til å vakne.

– Det er eg heilt ueinig i! Det er godt mogleg at det var slik under di tid, men ting har endra seg. Me har dei siste åra kutta talet på artiklar med 46 %, og lesetida har samstundes gått opp med 41 %. Artiklane er lenger og meir gjennomarbeidde. Det gjeld også nynorskartiklane, sa Soldal. Ho fortalde også at signala frå kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen ikkje var til å ta feil av: det skal satsast på nynorsk.

HADDE TRUA: Ingvild Bryn, fungerande språksjef i NRK, hadde trua på at situasjonen kunne betra seg.

Ingvild Bryn, som eigentleg ikkje sat i panelet, reiste seg sporenstreks opp og las opp ei melding Eriksen hadde sendt til alle journalistane i NRK. «Hjelp meg med nynorskprosenten!» var bodskapen.

Guro Kvalnes, leiar i Kringkastingsringen, var glad for signala som kom frå den øvste leiinga, men var ikkje overtydd om meldinga kom heilt fram til rette vedkommande.

– Det er veldig flott at han ber om hjelp, men kva konkret kan gjerast? Korleis kan ein få ein vaktsjef til å kjenna på dette ansvaret?, spurde Kvalnes.

Nettsjef Soldal sat med eit bestemt inntrykk av dette var eit problem som var teke på fullt alvor i NRK, og hadde god tru på at tala ville betre seg frametter. Bolstad var ikkje fullt så sikker.

– Det må vera mykje meir oppfølging. Eigentleg burde kvar einaste redaksjon fått ein e-post måndags morgon med tala frå veka før. Om tala var gode, kunne dei få eit smilefjes. Om tala var dårleg, kunne dei ha fått ei bombe. Det er dit me må, meinte Bolstad.

Ordskiftet vart leia på ein framifrå måte av vår eigen Hans-Olav Rise.

INNSIKT: Møte opna med ei innsiktsfull innleiing av Marie Therese Lilleborge frå Mediatilsynet om mediemangfaldet i Noreg. (Alle foto: Kjartan Helleve