Kringkastingsprisen til Eli Kari Gjengedal

Leiar Guro Kvalnes deler ut provet på at Eli Kari Gjengedal har fått Kringkastingsprisen 2018.

 

Eli Kari Gjengedal har fått Kringkastingsprisen 2018. Utdelinga fann stad på direkten hjå TV 2. Det er styret i Kringkastingsringen som avgjer kven som skal få prisen.

Kringkastingsprisen har blitt delt ut sidan 1978. Prisen skal gå til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.
Liste over tidlegare vinnarar: http://www.kringkastingsringen.no/kringkastingsprisen/

Grunngjevinga: «Det er få tema som opptek nordmenn meir enn vêret. Om det bles stiv kuling eller kjem inn lågtrykk sør for Stad, meldingar om vêret blir det lytta til. Då er det godt med trygge dialektbrukarar som kan lose oss gjennom stormen. Det har årets prisvinnar gjort i ei årrekkje.
Prisvinnaren er fødd i 1971 og kjem frå Leikanger. Ho er mest kjend som vêrmeldar på TV2 for Storm Weather Center, men ho har òg vore innom NRK som programleiar for programmet Værbitt. Frå 2014 er ho attende i TV2, no som redaksjonssjef for vêrmeldinga.
Prisvinnaren har gjennom sitt yrkesliv stått støtt som ein trygg dialektbrukar. På klingande sognemål har ho meldt om regn, sol, sludd og frisk bris. I 2009 song ho vêrmeldinga på melodien til Ola Tveiten, sjølvsagt på dialekt, og som del av markeringa av samane sin nasjonaldag i februar i år, imponerte ho med å framføre meldinga i sin heilskap på samisk.
I tillegg til å vere eit kjent og kjært innslag i fjernsynsruta har lesarar av Dagbladet si helgeavis i fleire åre hatt glede av å lese ei spalte signert prisvinnaren. I den faste laurdagsspalta har ho formidla smått og stort vêrrelatert stoff med ein entusiastisk penn, på god nynorsk. I riksavisa Dagbladet, som til dags dato praktiserer forbod mot nynorsk, har spalta vore eit kjærkome innslag av språkleg mangfald.

Kringkastingsringen ønskjer Eli Kari Gjengedal til lukke med Kringkastingsprisen 2018.»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *