Vil regjeringa rasere NRK?

 

Guro Kvalnes er uroa for kva den nye regjeringa vil gjera med NRK.

I den nye politiske plattforma som regjeringa legg til grunn for arbeidet sitt, står det at dei skal «arbeide for at NRK i minst mulig grad svekker aktivitetsgrunnlaget til medier som henter sine inntekter i markedet.»

– Eg er redd for at dette punktet er ei starten på ei svekking av NRK, seier Guro Kvalnes, leiar i Kringkastingsringen.

– Dette er eit spørsmål om mediemangfald, ikkje økonomi. To ferske stortingsmeldingar har slått fast at NRK er viktig for mediemangfaldet og at dei ikkje tevlar med dei privateigde medieselskapa. Seinast i fjor slo Medietilsynet dette fast med rapporten «NRKs bidrag til mediemangfaldet», seier Kvalnes.

Likevel gjekk Schibsted, Aller, Amedia, Polaris, NHO og Mediebedriftenes Landsforening i fjor haust hardt ut mot eit sterkt og statsstøtta NRK, og meinte dei burde leggje ned nettavisa si. Det er denne gjengen som no har fått gjennomslag i den nye regjeringsplattforma.

Kvalnes er redd for at dette kan vera starten på ei utvikling som liknar den som går føre seg i Danmark. I fjor vart det klart at 400 tilsette måtte gå i Danmarks Radio (DR), inntektene vart kutta med ein halv milliard og drifta skal leggjast om frå å vera ei brei medieverksemd til å sikta seg inn på smale nisjene. Denne massakren starta, akkurat som punktet i den nye regjeringsplattforma, med kritiske røyster internt i mediebransjen.

– NRK er veldig viktig for mediemangfaldet i Noreg, seier Kvalnes.

– Ein diskusjon om framtida til statskanalen må dreie seg om det, ikkje om den kommersielle mediemarknaden. Det einaste den nye regjeringa oppnår med dette punktet er å leggje grunnlaget for tilsvarande kutt i NRK som i fjor vart gjort i DR. Vi forventar at regjeringa anerkjenner kva som er best for borgarane i møte med media, og ikkje styrer mediepolitikken med ideologiske skylappar, meiner Kvalnes.