Letta over mediestøttemelding

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

I dag la kulturminister Trine Skei Grande fram stortingsmeldinga Mangfald og armlengds avstand – Mediepolitikk for ei ny tid. Det vart som venta ei omlegging av finansieringa av NRK, men det var også knytt spenning til om regjeringa ville endre dei redaksjonelle vilkåra for kanalen. Det gjorde dei ikkje.

– Eg er glad for at meldinga slår fast at NRK også i framtida skal ha ei sentral rolle i det norske medielandskapet, seier ein letta Kathrine Nygård, leiar i Kringkastingsringen.

– NRK er ikkje noko hinder for media som hentar inntektene sine i marknaden, og me er glade for at regjeringa ser dette. Eit sterk NRK er viktig for nynorsk og samisk, seier Nygård.

Ho har tru på at eit mediestøtteutval kan halde mediestøtta unna dei mest dagsaktuelle politiske innfalla, og at det er bra at det gjev bransjen klåre føringar i fire år om gongen. Ho er også glad for at kjem inn eit ekstra punkt i NRK-plakaten om at dei har eit særleg ansvar for «geografiske blindsoner».

– Det er viktig for oss at heile landet syner att i media. I tider med krav til nedskjeringar og sentralisering er dette eit viktig signal. Me håpar det vil gjera det verre å kome på tankar om å leggje ned distriktskontor. Dei er kanskje dei viktigaste leverandørane av nynorsk journalistikk i NRK, seier Nygård.