Ny leiar i Kringkastingsringen!

Kathrine Nygård (Foto: Magnus Loennechen Skjelbek/NRK)

Kathrine Nygård (25) frå Longva i Møre og Romsdal er vald til ny leiar i Kringkastingsringen.

– Eg gler meg stort og kan ikkje anna enn å takka for tilliten, seier Nygård.

– Det er nesten utruleg at ein medlemsorganisasjon som har eit så smalt arbeidsfelt har greidd å overleva i meir enn seksti år. Men det seier berre at problemet enno ikkje er løyst, og det er openbert at det er mange arbeidsoppgåver å ta tak i. Eg såg at kringkastingssjefen sa han ville at 2019 skulle bli året der NRK faktisk nådde 25 % nynorsk. Det vil eg og!  

Nygård har journalistutdanning og har tidlegare arbeidd i NRK Super, mellom anna som programleiar i «Skolefri». Ho har også vore journalist for Eidsvoll Ullensaker Blad, Adopsjonsforum, Gaysir og Magasinet BLIKK. Ho har òg vore prosjektleiar i Skeiv Ungdom. Hausten 2016 var ho nynorskpraktikant ved Nynorsk mediesenter.

Ho får med seg desse i styret:
Kristofer Olai Ravn Stavseng, rådgjevar, kjem frå Stordal i Møre og Romsdal
Hans-Olav Rise, frontsjef, kjem frå Ulsteinvik i Møre og Romsdal
Mattias Rolighed Bergset, kommunikasjonsrådgjevar, kjem frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane
Inger Johanne Ruset, informasjonsrådgjevar, kjem frå Linge i Møre og Romsdal
Kari Nygard Tvilde, frilans innan media, kjem frå Voss i Hordaland