Endeleg blir lokalradioane lytta til

– Lenge var DAB eit ideologisk spørsmål, og dei største kanalane insisterte på at det ville vere det beste for absolutt alle aktørarar å skru av FM-bandet tvert. Men i det siste har i alle fall NRK forstått meir av kva utfordringar lokalradioane slit med. Dei skjønar me treng meir tid, seier Aslak Skretting, styreleiar i Norsk Lokalradioforbund. 

Det har vore skrive mykje om overgangen frå FM til DAB. Mykje har dreidd seg om salsrekordar for DAB-apparat, og manglande mottakarar i gamle bilar. For norske lokalradioar har overgangen vore ei nesten altoppslukande utfordring dei siste ti åra. Det er som med all anna digitalisering: alt skal bli så greitt, rimeleg og enkelt, men det blir det aldri.

Grovt sett er problemstillinga slik: på FM-bandet hadde kvar kanal éin sendar. Ville til dømes NRK sende tre kanalar, måtte dei setje opp tre sendarar. Ein lokalradio greidde seg som regel med ein sendar. Ein DAB-sendar derimot, kan sende om lag tretti kanalar samstundes. For dei store aktørane er jo det ein enorm fordel. NRK kan brått sende ut femten kanalar, dei andre store nasjonale kan sende ut sju–åtte kvar.

Når ein lokalradio vil over på DAB, må dei også skaffe seg ein DAB-sendar. Han er om lag ti gonger så dyr, som ikkje er eit problem når du kan dele utgiftene på eit ti-tals kanalar. Men med berre éin eller tre kanalar, blir dette ei veldig investering for ei lokal medieverksemd.

– Det er som å byggje ein motorveg utan å ha nok trafikk å fylle han med, seier Skretting.

For å hjelpe lokalradioane har styresmaktene ei raus og god støtteordning, der ein kan få dekt opp til åtti prosent av utgiftene for å investere i ein ny sendar. Men han er mykje dyrare i drift. Difor blir det å gå over til å sende på DAB ei bør langt inn i framtida.

Dette skapar usikkerheit i ein bransje som akkurat går i balanse. I 2017 var omsettinga på 186 millionar og overskotet på fire. Det var fyrste gong på mange år han gjekk i overskot. Difor har det vore heilt avgjerande for bransjen å kjenne litt på korleis overgangen til DAB ville slå ut i praksis. Ein bad om tid. Og det ser det endeleg ut til at dei får.

– Hadde ein kutta FM-bandet i dag, så hadde det vore katastrofalt. Knapt ein aktør ville ha overlevd økonomisk. Lokalradioane ser jo at dei må vere til stades på DAB, og særleg dei store kommersielle aktørane, så utviklinga går sin gang. Men med så store summar er dette ein sjanse å ta, sjølv med store tilskot. Ein tek på seg store investeringar utan å vite korleis framtida heilt ser ut. Difor fylgjer investeringane eit perspektiv som samsvarar med konsesjonen på FM-bandet, fortel Skretting.

Ikkje berre økonomi
Alle kanalar driv etter ein konsesjon gitt av styresmaktene. Dei ville i utgangspunktet ikkje gi fleire konsesjonar til å sende på FM-bandet, men bransjen fekk gjennomslag for ei forlenging. Den er me inne i no, og ho varer til 2021. DAB-konsesjonar varer no til 2031, nett for å gje kanalane eit langt perspektiv. Men lokalradioane meiner at vilkåra ikkje har endra seg stort sidan dei sist fekk utsetjing. Dei har difor ønskt at også FM-konsesjonane skulle vare fram til 2031. Mykje tyder på at styresmaktene kjem til å møte dei på halvvegen, og gje bransjen ei ny utsetjing til 2026.

Uroa er ikkje berre økonomisk, det handlar ikkje berre om investeringar. Mange lokalradioar sender no både på FM-bandet og på DAB, og nokre stader høyrer tre fjerdedelar av lyttarane på FM-bandet. Kva hender når desse må over på DAB? Vil dei vere lojale mot lokalradioen, eller vil dei forsvinne inn i det veldige mangfaldet av nisjekanalar som finst der?

– Tidlegare var det råd å høyre på seks-sju nasjonale kanalar og ein lokal. No er tretti–førti nasjonale kanalar å velje mellom. Dette har ikkje gitt store skilnadar på tilhøvet mellom dei store kanalane. NRK har framleis den same marknadsdelen, men no spreidd ut over mange fleire kanalar. Det same gjeld P4 og Radio Norge. Men dette gjev jo heile andre vilkår for ein lokalradio, seier Skretting.

Noko av dette kjem av ein naivitet då ein tvinga fram ei sløkking av FM-bandet i dei store byane. Dei lokale storbyradioane måtte sløkkje FM-sendingane samstundes som dei nasjonale kanalane. Dette gjaldt P5, NRJ, Radio 1 osb., som var lokale variantar av dei kommersielle nasjonale kanalane. I teorien skulle dei halde fram som lokale kanalar også på DAB-bandet. I praksis vart ikkje desse storbykanalane berre digitaliserte, dei vart også gjorde om til nasjonale kanalar i staden for å halde fram som lokale satsingar.

Sterkare
Men Skretting fortel at bransjen på ingen måte grev seg ned. Tvert om har dette gitt ei større forståing av kva ein held på med.

–  I møte med tretti nasjonale kanalar har lokalradioen blitt oppteken av å finne vår plass. Sett på spissen kunne ein tidlegare kome langt med å spele god musikk og by på lett underhaldning. No må me i sterkare grad vere medvitne om kva som er vår styrke og nisje. Då ein byrja overgangen til DAB, forsvann kravet til lokalt innhald frå konsesjonane. Tidlegare var det bodrundar på konsesjonar, ikkje med pengar, men med kor mykje lokalt innhald ein skulle fylle sendingane med. No er dette kravet vekke, og ingen av dei store kanalane prioriterer dette. Så for lokalradioane har det lokale blitt styrken, meir lokalt forankra redaksjonelt innhald, seier Skretting, som også er glad for signala i den nye mediemeldinga.

– Meldinga seier mykje bra om kvifor det er viktig med nasjonale media og med lokal media, sjølv om eg nok tykkjer at meldinga i for stor grad set likskap mellom lokal media og lokale aviser. Me er opptekne av at ein også syner vilje til å løfte den journalistiske kvaliteten i lokalradioane.