NRK med lovande nynorsk-tal!

 

I dag kom Allmennkringkastarrapporten frå Medietilsynet. Han syner at nynorskdelen i NRK i 2018 var 24 prosent, noko som er opp to prosentpoeng frå 2017. Det beste resultatet fekk vi frå fjernsynssendingane der heile 25,8 prosent var kringkasta på nynorsk. Diverre var det skuffande tal frå nett, der berre 16 prosent var på nynorsk.

– Det er veldig flott at NRK når nynorskkravet i fjernsynsendingane, seier Kathrine Nygård, leiar i Kringkastingsringen. Ho synest det er ein opptur at tiltaka NRK har sett i verk, fungerer.

– Etter nokre svake år der allmennkringkastaren ikkje har evna å nå nynorskkrava, er dette gode nyhende. Særs gledeleg er det at fleire program blir teksta på nynorsk. Dette er ein enkel, men effektiv måte å gje publikum meir nynorsk på, seier Nygård.

Trass i gode tal samla sett, syner tala frå nettsidene kvar innsatsen no må setjast inn.

– Alt som kjem på nynorsk, er sjølvsagt like viktig. Men NRK er i ein unik posisjon når det det gjeld nynorsk og nasjonale nyhende. Difor er det ekstra viktig at dei held fram med å utvikle NRK.no og at dei greier å få opp nynorskprosenten på nett. Hadde tala vi ser no for radio og TV kome for tjue år sidan, ville det vore det beste. Likevel er vi glade for gode resultat og ser no at det er på nett at innsatsen må strammast inn. Nettsidene blir stadig viktigare for publikum, og då er det der innsatsen no må kome, seier Nygård.

Dette er også noko som går att for det samiske språket. Rapporten seier at NRK stort sett når krava om samisk språk og kultur, men at det må kome tiltak slik at ein også når den yngre målgruppa.

– Men utviklinga går i rette lei, også her. Me i Kringkastingsringen håpar og trur at 2019 blir året der NRK samla sett kan klare å nå nynorskkravet. Heia, heia!, seier Nygård.