Språk som underhaldning

– Eg har aldri opplevd maken til respons, seier Linda Eide.

– Eg trur at folk tenkjer at det er litt smalt, at det ikkje er så mange andre enn dei sjølve som ser på og at me difor treng litt oppmuntring. Det haglar inn så mange e-postar at me knapt greier å svara på alt.

Akkurat då me ikkje trudde Linda Eide kunne toppa Norsk attraksjon og bli meir folkekjær, hosta ho opp Lindas språksjov. Eit lettfatteleg og interessant snakkeprogram om språk, med gjester, faglege innspel av professor Gunnstein Akselberg og musikalsk krydder frå Sjur Hjeltnes.

Då Linda skulle selja inn programmet til leiinga i NRK, var ho redd for at det skulle bli eit problem at alle dei tre programleiarane kjem frå Voss. Så ho drog ein vits om at «dette er noko nytt, me lagar det heilt frå botnen av og det kjem til å bli kjempevanskeleg! Difor er det viktig at alle snakkar same språk.» Leiinga tok vitsen, og sidan vart det ikkje snakka meir om det.

Oppstarten
Dei tre musketerane kjende ikkje kvarandre medan dei budde på Voss, men kjende til kvarandre. I 2013 hamna Gunnstein i styret for det nye Litteraturhuset i Bergen. Kunnskapsrik som han var, fekk han spørsmål om å laga «eit eller anna med språk». Ikkje utan sjølvinnsikt tok han kontakt med Linda for å høyra om ho ville vera med på noko slikt. Ho takka ja, om ho fekk vera med å forma opplegget litt «i sin stil». Seinare kom ideen om å ha med eit musikalsk bindemiddel, Linda hadde arbeidd saman Sjur tidlegare og visste at han ville kunna fylla ei rolle i eit slikt opplegg. Linda forstod fort at dette også kunne bli noko for fjernsynet.

– Kveldane på Litteraturhuset gjekk veldig bra. Det var noko med samansettinga: ein professor, ein pianist, ein jovial programleiar og eit publikum. Noko av grunnen til at det fungerer såpass bra, er at me fekk utvikla programmet. Det er det sjeldan ein får lov til. Vanlegvis blir ein plassert inni eit opplegg andre har tenkt ut.

– Og alle på scena er frå Voss?

– Veit du, Kjartan, det er det berre du og andre vossingar som spør om. «Kva seier folk?!» Sanninga er at folk ikkje seier noko. For det fyrste er det ikkje uvanleg at eit program er full av t.d. Oslo-folk med Oslo som bakgrunn. For det andre kjenner dei aller fleste i landet til eit eller anna lite sentrum. Me kunne like godt ha kome frå ein annan liten plass.

– Men det er eit bilete av Vangen i bakgrunnen?

– Det var då veldig til mas. Men jo, du har rett. Tanken vart å spela på liknande program som ofte har silhuetten av ein amerikansk storby i bakgrunnen. Eg tenkte det ville vera fint med silhuetten av Voss i bakgrunnen, og sende eit gamalt postkort til scenografen i NRK. Men ho meinte me like godt berre kunne ha det biletet som bakgrunn, fortel Linda.

Noko nytt
Programmet er annleis enn dei tidlegare seriane Norsk attraksjon og Smæsj , som handla om ymse idrettsgreiner. Der ho tidlegare sprang rundt i meir eller mindre minneverdig treningstøy og kryssklipte seg sjølv på tvers av tid og rom, er dette programmet eit reint studioprodukt.

– Eg var gjest i eit Grand Prix-program som vart teke opp på Marienlyst i Oslo. I løpet av ein kveld vart det gjort opptak til to heile program. To program på ein kveld! Eg brukte kan hende to år på ein serie med åtte episodar. No har me laga tretti program av Språksjov på to år, og det er like mange som eg greidde på dei ti føregåande til saman.

– Har du alltid hatt ein draum om å leia eit slikt program?

– Aldri. Og hadde du spurt meg for fem år sidan, hadde eg truleg også kome til å seia nei takk. Eg trudde jo at eg hadde funne min sjanger, der eg dreiv med årelang research, skreiv nøyaktige manus og la på ultrapresise kommentarar i redigeringsrommet etterpå. Men litt på slump hadde eg også på fritida drive på med ulike sceneopplegg, og det gjorde det enklare for meg å stå på denne.

– For dette er annleis? 

– Det er noko heilt anna. Det er lett å filma ei framsyning, men det blir ikkje nødvendigvis  godt fjernsyn. Så eg må gløyma at eg står på ei scene og at eg har eit publikum framføre meg. Som programleiar må eg snakka til kameraet, for å nå dei som sit heime berre ein meter frå fjernsynet. Eg ser jo konstant ein meter over hovudet til publikum, og sjølv om det er kolossalt viktig at publikum gir oss respons, så kan eg ikkje handtera han på ein publikumsvenleg måte. Eg må «gå oppå» applaus og latter for å kutta «longørane» for dei som ser det på teve. Eg må også passa på å bli for oppasen og riven med av stemninga i salen, for det vert berre slitsamt for fjernsynssjåaren.

Flytt til beste sendetid
Frå hausten av blir programmet flytt frå onsdag til laurdag kveld. Det seier noko om går godt likt sendingane er. Dei treffer fleire enn dei som er opptekne av språk.

– Det ville ikkje vore noko vanskeleg å laga ein god og interessant podcast om språk, men kor mange ville ha høyrt på han? I alle fall ikkje nok for NRK 1. Me vil nå ut til så mange som råd er, og då er sjov-delen utruleg viktig. Sjølv når me i utgangspunktet har eit veldig interessant emne, så spør eg alltid etter sjov-effekten. Der du gjev deg over og ler. Eg har lyst at det skal vera sjov og musikk i kombinasjon med kommareglar.

– Er du oppteken av språk sjølv?

– Det vil eg absolutt seia, men eg kan lesa om språk og sovna. Når det blir for mykje om syntaks, ortografi, morfologi og …

– … diftongar?

– Akkurat diftongar er eg ganske god på, sidan me har så mykje det av i vår dialekt. Men eg kan ikkje snakka om at dei har så artige diftongar i Hardanger, då dett folk av.

– Men folk engasjerer seg?

– Eit språk lever i ein evig konflikt mellom anarki og konservatisme. Det kan ikkje styrast, men det er tallause forsøk på å gjera det. Det finst reglar, men ingen blir straffa. ALLE HAR EI MEINING. Me får brev som påpeikar at me har sagt noko feil, medan brevet sjølv er fullt av skrivefeil. Akkurat «då» og «når» fekk dei med seg på skulen, men gjekk tydelegvis glipp av resten. Dette syner jo at me når ut til fleire enn dei som er opptekne av språk. Me har prøvd å vera breiare, ha meir appell, få tak i dei som ein ikkje trudde var interessert i språk. Men det er pussig at me enda opp på laurdagskvelden. Me held jo på med vårt. Me gjer det me har tru på.

Pessimist
Ho går likevel ikkje heilt med på at ho er seg sjølv.

– Seg sjølv blir ein vel aldri i eit massemedium.

– Er det lov å seia at du er meir nedpå enn tidlegare?

– I Norsk attraksjon ville eg vera litt forsert entusiastisk. «Sjå! Sjå kor fantastisk alt dette er! Nei, er det sant!?»  Med Smæsj  sa ein god kollega at eg kunne dempa meg litt, og det var heilt rett. Og no er eg endå meir nedpå. Det er innandørs, på ei scene og eg må snakka som om dei der heime sit rett framføre meg. Men eg kan jo sitja i klipperommet etterpå og gremmast over at eg tydelegvis må le heile tida. Men eg blir så fort riven med av publikum, og stundom kan det passa, men det kan òg gå ut over moroa for sjåaren. Eg jobbar med å halda meg endå litt meir roleg. Eg har jo til med ei eiga spalte som heiter til ettertanke.

– Er ikkje det uvant?

– Men godt. Endeleg kan eg som er så pessimistisk, få lov til å vera litt nedpå.

– Kva er det du er uroa for?

– Eg trur det går på dunken for klima, toget, nynorsken og stort sett alt saman.

– Ingen optimisme?

– Nei. Jo, forresten. Eg trur eg kjem ha ein kjekk jobb å gå til enno ei stund til.

(Teksten stod fyrst, og fremst, i Kringom 2-2019. Tekst og foto: Kjartan Helleve)