NRK – ein kringkastar for heile Noreg

– Når NRK no vil slå saman distriktskontor, er det viktig at rikskringkastinga held fram med å vere nettopp det – ei rikskringkasting, seier Kathrine Nygård, leiar i Kringkastingsringen.

– Det er godt med lovnader om at det ikkje skal kuttast i stillingane ved distriktskontora, men vi ynskjer oss eit skikkeleg ordskifte om NRK og arbeidet i distrikta. Vi treng eit fornya ideologisk grunnlag, og ikkje berre ei praktisk og økonomisk vurdering. Større distriktskontor er diverre ingen garanti for at dialektmangfaldet og nynorsken blir haldne ved like, seier Nygård.

På 70-talet, då NRK vaks seg verkeleg stor, vaks også kravet om at journalistikken skulle desentraliserast. Kringkastingsringen var ein av dei sterkaste pådrivarane for at NRK skulle famne meir enn berre Oslo og dei andre storbyane. På denne måten skulle det bli enklare å halde nynorsken ved lag som eit etablert språk i rikskringkastinga. Dette var ein handfast måte å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk på. Kringkastingsringen meiner at dette perspektivet også må liggje til grunn i dag. Spørsmålet bør vere korleis NRK på best måte kan formidle journalistikk frå distrikta, på nynorsk og dialekt. Det er heilt avgjerande for nynorsken og dialektane at vår statlege rikskringkasting er solid til stades i dei distrikta nynorsk blir nytta som hovudmål. Det er viktig at ei omlegging tek særleg omsyn til dette.

– Med nye fylkesgrenser er det naturleg at det blir gitt nye namn på distriktskontora, men det bør ikkje gå ut over mindre distriktskontor eller spreiinga av kontora rundt om i det ganske nynorskland. Utan like stor representasjon av nynorskbrukande journalistar og sjåarar som det er i dag, kan nynorsken blir endå meir truga enn han er i dag. Vi i Kringkastingsringen håpar difor at den nye omlegginga til NRK vil ta stort omsyn til korleis bevare eit reelt språk- og dialektmangfald, seier Nygård.

(Pressemelding)