NRK vil ha eitt distriktskontor per fylke

Illustrasjon: NRK

 

Leiinga i NRK opnar no opp om omorganiseringa i allmennkringkastaren. Målet er eitt distriktskontor per fylke.

Tillitsvalde i NRK har uttrykt motstand mot at det truleg blir reduksjon i talet på distriktskontor etter fylkessamanslåinga ved nyttår. No lettar NRK-leiinga på sløret om prinsippa for omorganiseringa, fortel Medier24.
Etter ei høyring i organisasjonen har leiinga kome tilbake med tre forslag til organisering: distriktskontorstrukturen skal tilpassast samfunnsutviklinga for å spegla Noreg og løysa oppdraget best mogleg, NRK skal som hovudregel ha éi organisatorisk eining per fylke, men det er opning for at ei eining har ansvar for fleire fylke, og redaktøransvaret for eininga skal vera tydeleg. Lokal redaksjonell leiing skal tilpassast behov og oppdrag.
Ved nyttår blir talet på fylke i Noreg redusert til 11. Forslaget til NRK-leiinga betyr at fleire distriktskontor blir slått saman. I dag har NRK 15 distriktskontor.
Viken, Vestland og Troms og Finnmark er dei største av dei nye fylka. Dels med store geografiske avstandar og dels med stor befolkning. Det blir òg ein ny situasjon i Vestfold og Telemark. Noko av utfordringa for NRK blir å vera til stades lokalt, samtidig som dei skal ha ein redaktør som er ansvarleg for heile det nye fylket.

Kan ikkje ha journalistiske blindsoner
Marius Lillelien, som er sjef i distriktsdivisjonen, seier at det var naudsynt å sjå på dekningsområda til distriktskontora.
– Kontora er definerte etter fylkesgrensene i dag, så det ville jo vore ulogisk at kontora skulle vera definerte etter gamle fylkesgrenser. Mange stader i Noreg er NRK det einaste mediehuset som har heile fylket som dekningsområde, og fylka får no mange nye oppgåver innanfor alt frå fylkesvegar til naturvern og breibandutbygging. Det er viktig at vi har redaktørar som har ansvaret for dekninga av dei nye fylka, om ikkje, så risikerer vi at desse blir store journalistiske blindsoner. Men vi er også opptekne av å gje publikum eit meir lokalt tilbod, så vi vil behalda eit radiotilbod som er for langt mindre område mange stader.
– Det er ikkje mange år sidan distriktskontora var gjennom ei innstramming, der mange årsverk vart kutta. Korleis trur du distriktskontora vil takla ei eventuell ny omstilling?
– Vi har vore tydelege frå dag éin på at dette ikkje er ein kuttprosess. Kutt er éin ting, nye oppgåver noko anna. Mi erfaring gjennom mange år i NRK er at distriktskontora er dyktige på å omstille seg, og det er eg trygg på at vi vil få til også no.

 Må følgja strukturelle samfunnsendringar
– Er denne prosessen eit framhald av innstrammingane frå 2015 og frametter, der ein sentraliserte m.a. personalsjefarbeidet?
– Nei. Denne prosessen handlar om at vi har ambisjon om å binda landet saman gjennom grundig journalistikk og å fortelje unike historier frå heile landet. Så må vi utvikle organisasjonen til å stø denne ambisjonen i takt med viktige utviklingstrekk i dei ulike delane av landet, som t.d. strukturelle samfunnsendringar som regionreforma er eit døme på og sjølvsagt endringar i mediebruken blant publikum.
– Har reaksjonane overraska deg?
– Nei. Distriktskontora og tilbodet dei lagar til publikum, er viktig for folk. Men eg opplever ikkje at vi har fått så sterke reaksjonar no. Innhaldet frå distrikt kjem til å prega TV-kvelden mykje sterkare dei neste åra enn det gjer i dag med nye sendingane frå distriktsredaksjonane 19.45 og 20.40. Og vi kjem til å halda på eit radiotilbod som mange stader er meir lokalt enn dei nye storfylka og ikkje så ulikt det vi har i dag. Så eg trur publikum vil oppleva at dei får eit betre distriktstilbod når det får sett seg, sjølv om det alltid vil kome nokre negative reaksjonar i første fase.
– På den eine sida kan ein forstå at distriktskontora skal levera stoff til rikssendingane, NRK blir betre av det. Samstundes kan vel dette gå ut over dekkinga av heilt lokale saker. Er dette ein vrien balansegang?
– Erfaringa med å jobba grundigare med færre saker, og det å gjera lokale saker relevante for eit nasjonalt publikum er først og fremst positiv. Det er sjølvsagt ein balansegang, men slik vi jobbar no, når sakene eit langt større publikum. Redaksjonane lagar også meir djupnejournalistikk,  og vi har eit meir avklart forhold til lokalavisene enn tidlegare, seier Lillelien.

Kjartan Helleve/NPK