Rake vegen

Foto: Kjartan Helleve

– Etter to veker var det ingen som hugsa at eg var der på prøve. Eg var han fyren som alltid kunne jobba og som tok alle vakter han fekk, fortel Jamel Rake i VGTV.

Eg skal skriva meg inn som besøkande i VG-huset og gjer ein feil som illustrerer kva utvikling mediehuset har vore gjennom. På ein iPad i resepsjonen må eg finna fram selskapet eg skal vitja, og det er over eit titals selskap i bygget. Eg vel VG og prøver å finna fram til Jamel Rake. Men eg finn ikkje namnet hans. Eg sjekkar jukselappen min, kan henda eg skriv namnet hans feil, men nei, eg hugsar det rett. Til slutt må eg senda han ein SMS og spørja om hjelp. «Har du prøvd å trykkja deg inn på VGTV og søkt på Rake?» VGTV! Eg skjemst. Det er jo difor eg er her.
VG var tidleg ute med å satsa på nett, og VG Nett vart fort den største nettavisa i Noreg. Den posisjonen har dei berre styrkt, og dei har no i underkant av to millionar lesarar. Difor er det ikkje overraskande at dei også var først ute med å prøva seg med nett-TV. Frå 2007 var VGTV ein del av VG Nett, frå 2014 har det vore ei reint dotterselskap av VG.
Jamel Rake kjem hinkande på krykker. Han slit med ein klassisk vaksne-menn-som-speler-fotball-på-kveldstid-skade. Rake har vore med heile vegen av TV-satsinga i VG.

Tidleg på nett

– Historia mi er heilt typisk, fortel Jamel Rake.
– Eg kom til VG i 2005. Eg hadde akkurat starta på næringslivsjournalistikk på BI, snittet på 2,8 frå vidaregåande var ikkje godt nok til å koma inn på den verkelege journalistikkutdanninga. Men eg hadde levert nokre fotografi til VG av hestar som gjekk amok i Nordfjord og ras og slikt. Så eg masa meg til å koma inn og prøva meg nokre veker, og til slutt var det ingen hugsa korleis eg kom meg innanfor døra. Eg var han fyren som alltid kunne jobba og som tok alle vakter han fekk, fortel Rake.
Etter eit års tid vart han flytta over på VG Nett. Der var dei nett byrja med nett-TV, men i mykje mindre målstokk. Tidlegare var dei berre ei handfull personar, medan det no er relativt store redaksjonar både på program, nyhende og sport. Rake starta tv-karrieren med nokre innslag om fotball. I 2008 laga dei eit eige fotballmagasin som dei var svært nøgde med. «I ettertid ser det derimot ganske ille ut.» Det heldt på eit års tid, men programmet vart ikkje nokon suksess. Då dei prøvde seg på nytt i 2011, gjekk det betre.
– Me fann forma, fortel Rake.
– Me kunne ikkje gjera som dei andre og satsa på fagleg alvor. Men me fekk til ei blanding av alvor og humor, og utan å bikka heilt over i komedien. Det fungerte, og det er nøkkelen til Foppall.

Foppall
Programmet er eit slags talkshow der Rake saman med gjester diskuterer kampar og spelarar, vurderer gode prestasjonar og ikkje fullt så gode prestasjonar. I det siste har dei også laga mindre seriar.
– Me får stort sett halda på. Me har ansvaret sjølve, så kan me berre skulda oss sjølve. Heldigvis arbeider eg med folk er flinkare enn meg, og dei seier i frå om framlegga mine blir heilt idiotiske. Men stort sett er det kort veg frå idé til gjennomføring. Det er kan henda den største skilnaden mellom oss og andre tv-kanalar. Det er eit veldig lite apparat som skal sveivast i gang. Me kan sitja på eit møte og seia «hadde ikkje det vore morosamt?», ringja Bernt og Kjetil, og så seier dei som regel ja, fortel Rake.
Bernt Hulsker spelte tidlegare for mellom anna Molde og Start, før han la opp i 2010. Kjetil Rekdal har også ein lang spelarkarriere, med m.a. 83 landskampar. I tillegg har han vore trenar i ei lang rekkje klubbar. Hulsker er fast gjest i Foppall, Rekdal mellom dei mest nytta gjestene.
– Bernt var inne som gjest ein gong, og det var då me oppdaga kor hysterisk morosam han er. «Han må jo koma inn her for godt», tenkte me, og sidan har han jo blitt. Det er jo litt elsk eller hat med han, men enn så lenge kjem han ned på plussida. Rekdal var innom i samband med eit meisterskap. Han er også morosam, men på sin måte, og i små dosar. Han er med på alt.
– Han ser i grunnen litt sur ut?
– Ja, det er kan henda inntrykket folk sit med. Det har vel noko med stilen hans å gjera, og han har jo alltid vore ein leiar. Men eg vil hevda at han er alt anna enn sur, han er eit komisk menneske, og han har ein utruleg herleg latter når han først ler. Det er hundre prosent ekte.

Sams humor
– Er det tilfeldig at programmet har blitt ein møredialektfestival?
– Ja, det er for så vidt det. Me har jo i det siste fått inn yngre krefter frå austlandet, så det er nok på slump. Men når det er sagt, så trur eg folk som kjem frå same sida av landet, anten dei vil eller ikkje, har eit slags band. Ein greier å setja seg inn i ting som ferje, fjord, buss, fjell og vind. Det viktigaste er at dei har humør og kan by på seg sjølv. Og det kan ein i alle fall seia om Bernt og Kjetil.
– Blir dette med språk diskutert?
– Nei, ikkje i det heile teke. Den einaste gongen det kjem opp, er når mutter’n meiner eg «språkar» litt.
– «Språkar»?
– Det er det Frode Grodås gjer, når du endrar tonefallet i dialekta di. Men eg byter berre ut ord, seier eg til henne. Haude blir til t.d. til hode. Eg må stundom må bruke ord som folk forstår.
– Brått er ikkje VG berre knytt til bokmål?
– Det trur eg nok er meir tilfeldig enn noko anna. Men det er i alle fall tydeleg at det ikkje er forbode med nynorsk. Me har jo fått ein sjef som er frå andre sida av landet, ein som er meir van med det. Men det ville vore utenkjeleg for meg å skriva i sak på nynorsk i VG, sjølv om eg skriv og brukar det privat. Eg får det ikkje heilt til å gå opp når eg t.d. ser nrk.no siterer Rio Ferdinand på nynorsk.
– Litt rart når du er så god til å halda på dialekta di?
– Sant nok, men alle sakene eg las som gjorde at eg ville arbeida i VG, var på bokmål. Alle sakene eg skreiv då eg kom innom dørene, var på bokmål. Så det er berre så uvant å lesa om engelsk fortball på nynorsk. Det handlar vel om vane.

Uvan med yrkestittel
Rake fortel at programmet er tett på det slik det bør vera, i alle fall nærare enn nokon gong.
– Me har laga masse fine seriar som då Bernt gjorde comeback for Start, og då Bernt og Reka trena Leirsund – eit lag i femtedivisjon. Det bryt opp at me berre sit og pratar i studioet.
– Ville de eigentleg ha reist endå meir?
– Det har vore fleire periodar i avisa der eg ikkje har gjort anna enn å reisa. Eg hadde ikkje køyrd utanfor Stryn før eg måtte køyra leigebil gjennom heile Europa. Og eg fekk dekkja VM i Sør-Afrika. Så eg har reist og reiser meir enn nok. Har me ein idé, så reiser me. Me var jo trass alt i Vestnes i førre veke, så det er ikkje slik at me ikkje får oppleva verda. Eg sat også i baksetet på med Bernt og Reka frå Akersgata til landskamp i Stockholm, og det er også ei side av livet. Slikt gjev perspektiv.
– Finst det nokon veg ut av denne jobben for deg? Har du ein plan B?
– Eg speler jo Eurojackpot aktivt, så eg har ein plan om å pensjonera meg, vera meir på Vestlandet og spela meir golf. Men før den tid blir eg nok her. Eg trur ikkje nokon andre vil ha meg.
– Arbeider du i tv eller i avis?
– Eg seier aldri at eg er programleiar. Eg seier eg jobbar i VGTV.
– Og stillinga heiter?
– Programleiar. Når eg fyller ut reiserekningar, er tittelen alltid fylt ut. Eg plar endra det til elektrikar. Eg kjem frå Libanon og Loen. Kan ikkje springa rundt og kalle meg programleiar.

Kjartan Helleve