Distriktskontora: –Stort kan vera bra

Foto: NRK

Fleire fryktar mindre nynorsk med felles nettsider i NRK Vestland. Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane Terje Gilleshammer deler ikkje bekymringa.

NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland vurderer ei felles nettside når dei blir slått saman til NRK Vestland i januar. Mållaget, NMU og Kringkastingsringen er uroa for at dette vil svekkja posisjonen til nynorsk både i NRK Sogn og Fjordane og NRK nasjonalt.
«Med ei felles nettside er det grunn til å tru at det i lengda vil verte færre nynorskartiklar og meir på bokmål. Nettopp fordi det er stor forskjell på å ha ei redaksjonell linje der alt er på nynorsk, og ei redaksjonell linje der det er heilt greitt å også levere bokmålstekstar», heitte det i ei pressemelding.
Når NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland frå nyttår blir slått saman til NRK Vestland, held dei fram med samsending på NRK Vestlandsrevyen som før, og med eigne radiosendingar både frå Førde og Bergen. Samtidig opnar dei for meir samarbeid også på radio i tilfelle der dette vil vera naturleg. No diskuterer dei korleis dei skal organisera tilbodet på nett, og vurderer ein felles front i eit nrk.no/vestland.

–Trur det kan verka positivt
Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane Terje Gilleshammer sit i leiargruppa i region vest, og deler ikkje bekymringa til målrørsla.
– Etter mitt syn er det ikkje noko som tilseier at dette skal svekkja nynorsken, kanskje tvert om, seier Gilleshammer.
– Miljøet i gamle NRK Sogn og Fjordane vil halda fram med å skriva nynorsk og vil vera eit viktig nynorskmiljø. NRK Hordaland har mål om 40 prosent nynorsk og har til dømes hatt heile 50 prosent nynorsk på nett dei siste 90 dagane.
Difor trur han det kan ha positiv verknad at denne samla produksjonen kan bli presentert for eit endå større publikum både i Vestland og nasjonalt. Han fortel at dei to kontora i dag har om lag 120 saker på den nasjonale fronten nrk.no i månaden, og trur at eit samarbeid mellom to sterke nynorskkontor kan føra til endå fleire godt lesne saker som når eit nasjonalt publikum.
– Ein del av trafikken kjem rett på portalen vår, rett til NRK Sogn og Fjordane si side, seier Gilleshammer.
– Men det aller meste av trafikken kjem frå nrk.no, frå søkjemotorar eller lenkjer på sosiale media. Er det då viktig å halda på eigne sider? Eg er ikkje så sikker. NRK Vestland vil få ei viktig rolle for å dekkja heile det nye store fylket Vestland. Og ein portal for Vestland kan bidra til det.

Eiga arbeidsgruppe
– For om lag eit år sidan vart det skipa ei arbeidsgruppe i det som heiter NRK Region Vest, som også inkluderer NRK Rogaland. Målet var å betra nynorskprosenten det det var mogleg. Mellom tiltaka var å halda nynorskkurs, laga ei fadderordning for dei som hadde lyst å ta steget, og generelt framsnakka nynorsken. Men det viktigaste var å setja eigne mål for kvar redaksjon. Då vart det nærare, det vart ei tevling og det var lett å sjå resultat av arbeidet. På den måten fekk journalistane og redaksjonane eigarskap til oppgåva, og det var ikkje berre noko som vart tredd ned over hovudet på dei. Det sikra at omsynet til nynorsken er høgt opp på lista.
Denne arbeidsgruppa, korleis kom ho i stand?
– Det var eit tydeleg signal når Kingkastingssjefen stod på scena under nynorskseminaret i Førde og sa at dette var eit viktig arbeid. Den viljen som leiinga har synt, gjer at det ikkje lenger er snakk om «kvifor». No er spørsmålet «korleis». Eg opplever stor handlefridom i arbeidet. Andre distriktskontor har valt andre løysingar og organisasjonsstruktur enn det me har.

Bra at det stort og tungt
Du er ikkje redd for at de blir ei for stor eining?
– Me har gått frå å vera deltakarar i eit noregsmeisterskap, til å vera med i eit verdsmeisterskap. NRK Super kjempar om merksemda med Netflix og YouTube. Det er ei veldig utfordring. Men enn så lenge har dei lite norskspråkleg innhald, og dei kan ikkje slå oss på lokal tilknyting og nærleik. I det ligg svaret på korleis me skal svara på denne utfordringa. Difor er det viktig for oss å vera nær der det skjer, slik me er i dag. At me blir ein større organisasjon, trur eg ikkje kjem til å endra noko på det. Og eg trur det er bra for nynorsken at det nye distriktskontoret blir såpass stort og tungt.
Blir det dobbelt så mange saker no?
– Tendensen i NRK er at det blir publisert færre, men grundigare saker. Sjølv i vår eigen portal er talet på saker halvert dei siste to åra. Dette handlar ikkje om samanslåinga av distriktskontora, men noko NRK har arbeidd medvite med i fleire år. Men no trur eg ikkje me skal lenger ned. For oss er det viktig å tenkja på praktikantane ved mediesenteret. Om kravet til saker blir for høgt, kan det føra til publiseringsvegring. Det må vera lov å prøva seg.

Kjartan Helleve