Ambassadøren

 

– Om nynorsken skal overleva, må han finnast andre stader enn i lærebøker og han må bli formidla av andre enn lærarar som ikkje har lyst å læra vekk nynorsk, meiner Ronny Brede Aase, vinnar av Kringkastingsprisen 2019.

Det vart akkurat ti år. Ronny Brede Aase starta i P3 Morgen i 2009 og rett før jol i fjor sa han, Silje Nordnes og Markus Neby takk for seg. Han innrømmer at han kjenner på abstinensane.

– Det er sjølvsagt stas å kunna sova sju-åtte timar om natta, men det kjennest litt som ein lang ferie. P3 Morgen har betydd så utruleg mykje for meg, det har vore ein heilt sentral del av livet mitt. Heldigvis har eg gått nokolunde rett inn i ein annan hektisk jobb som programleiar i Melodi Grand Prix, seier Aase.

Det er nok ikkje berre han som har kjent på abstinensane. Han har vore fylgjesveinen til veldig mange som desperat prøver å koma seg opp av senga om morgonane. Programmet har fått mange prisar og utmerkingar, og det skriv seg i alle fall delvis frå denne intimiteten. Programleiarane har aldri vore redde for å syna seg fram.

– Dette var eit mantra som eg lærte av Live Nelvik: ein lyg ikkje i P3 Morgen. Er ein trøytt, så seier ein i frå om at ein er trøytt. Lyttarane skal vite at me snakkar sant. Men dette handlar også om at me som er i studio stoler på kvarandre. Me bygde opp eit rom der me kunne seia ting me meinte, og vita at det vart møtt med respekt av dei andre. Då var det også lettare å snakka om dei litt tyngre tinga, seier Aase.

Einvegskommunikasjon

Sjølv om han insisterer på at dei hadde verdas beste lyttarar, så var ikkje alltid dei hugsa på at radio er einvegskommunikasjon.

– Det er fantastisk å møta lyttarane eller sjåarar, men stundom blir det litt skeivt. Eg kan presentera meg, seia «Hei, eg heiter Ronny». Då kan folk finna på å seia «Ja, eg veit jo det», og ikkje seia kva dei sjølv heiter.

– Er det skummelt at dei veit så mykje om deg?

– Dei veit jo ikkje alt. Sidan me var såpass ærlege i programmet, så er det jo ikkje noko problem. Folk veit at det er mykje mat som eg ikkje er så glad i, og det stemmer jo. Det er jo verre med dei som speler roller, t.d. gutane i «Hvite gutter»-serien. I serien er dei friskustypar som alltid finn på noko. Når dei så er saman ute på byen, så ventar folk at dei skal vera like sprøe. Då blir det litt antiklimaks. Det slepp eg. Folk forventar ikkje noko anna enn den eg er.

–Korleis er det å vera på NRK 1 og Melodi Grand Prix? Tek du med deg erfaringane frå P3 Morgen?

– Noko. Eg har det veldig moro, og særleg saman med dei andre programleiarane. Det håpar eg smitter over på dei som ser på. Men dette er ein heilt annan og utruleg mykje større produksjon. Det er mindre slark, meir manus og mindre ting eg kan kontrollera. Men det er utruleg kjekt å vera med på å kunna laga eit program som heile familien kan samlast rundt. Og så langt har eg ikkje fått klagar. Eller, det veit eg jo ikkje, eg har ikkje spurt etter dei.

– Får du ikkje vita om det?

– Ikkje med mindre eg spør, trur eg. I P3 var det jo mykje mindre tilhøve, og der fekk eg med meg alt. NRK 1 er ein veldig mykje større organisasjon.

– Fekk du klagar i P3?

– Nei, for me hadde verdas beste lyttarar. Og dette er ikkje berre noko eg seier. Det beste dømet er då me i 2012 laga 80 timar samanhengande radio til inntekt for Amnesty som ein del av TV-aksjonen. Det var menneskerettar generelt som stod på dagsorden, men me konsentrerte oss om rettane til homofile, lesbiske bifile og transpersonar. Sendingane våre gjekk veldig bra, og det kom ikkje inn ein einaste negativ kommentar. Ingenting. Alt var berre kjærleik. Så er me innom NRK1 på sundag kveld, i tre små minutt for å summere opp aksjonen vår. Og då smell det inn ein drapstrussel mot Niklas av di han er homofil. Så eg veit at NRK 1 når mykje breiare ut, seier Aase.

Berre nynorsk

Før jol var det prisutdeling på direkten. Kringkastingsringen sneik seg inn i ei direktesending og gav blomar og bilete. Aase visste om at han skulle få pris, men ikkje at det skulle henda der og då. Han innrømmer at han vart teken litt på senga. Det var ikkje rare takketalen han klarte å få fram. I etterkant har han tenkt litt på det, og kome fram til at det han sa i 2009, då han fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, ikkje var så dumt.

– Eg fekk moglegvis den prisen litt tidleg i karrieren, men eg hadde eit godt poeng i takketalen: om nynorsken skal overleva, må han finnast andre stader enn i lærebøker og han må bli formidla av andre enn lærarar som ikkje har lyst å læra vekk nynorsk. Han må finnast der han treffer folk. Og der har eg gjort litt. Eg har fått boltra meg med dialekten min, og alt eg har skrive i NRK, har vore på nynorsk. Alt på Instagram, Facebook, sosiale media, nettsida, alle innhaldselement – og eg har ikkje fått ein einaste negativ kommentar.

– Men kva…?

– Vent litt. Eg kler meg i mitt språk, eg er stolt av det og gjer det på ein moderne måte. Kan henda treng ein ikkje alltid nytta ordet korkje, sjølv om eg elskar det ordet. Dialektmangfaldet må speglast i media. Heile landet må vera representert, det er utruleg viktig. Det handlar om identitet, om stoltheit og tradisjon. Eg blir så lei meg når folk på min alder har flytta til Oslo og føler at dei måtte gje opp dialekten sin. Når folk vel å gje opp dialekten sin, har ikkje media gjort jobben sin.

– Ok. Men…?

– Men eg kjenner me er på veg no, Når ein skur på radioen no, så er det det alltid ein dialekt, så det har blitt mykje betre. NRK har eit særleg ansvar her. No greidde me jo nynorskkravet i fjor, og det er så bra! Ingvild Bryn og Thor Gjermund Eriksen har snakka om det å vekkja dei som har lagt vekk språket sitt. Eg trur det er veldig viktig.

 Best med dialekt

– Fint. Kva skal du…?

– Eg blir jo kjemperørt når det er nynorsk i VG, det skal ikkje vera så vanskeleg. Då eg vaks opp, var det berre i NRK Sogn og Fjordane ein kunne høyra folk som snakka min dialekt. Ja, det var nynorsk i Dagsrevyen, men det var slik nazinynorsk, slik som lærarane ville ha det. Nynorsk var kanskje litt for lenge den strenge tanta.

– Du har gjennom fleire….

– Høyr. Det var ikkje kult å bry seg om språk då eg vaks opp, men eg var så veldig stolt. Det er litt slik med fylkessamanslåinga no. Kommunesamanslåinga var bra, men fylkessamanslåinga har vore vanskeleg. På eit tidspunkt rundt vidaregåande, så vart det å koma frå Sogn og Fjordane og det å skriva nynorsk utruleg viktig. Slik var det også for andre i min krets. Eg er veldig glad for at me var ein gjeng som hadde det slik. Ein kunne sikkert ha bikka under. Eg har vener som er i heilt andre miljø og heilt andre bransjar. Eg skjøner jo at når du kvar dag blir møtt med «Kva sa du?», så blir det fort å leggja om for å gjera seg forstått. Ein kompis jobbar ein stad der beskjedar må leverast raskt. Om språket er til hinder for at det skal kunna skje, så bryt jo det ned dialekten på sikt.

– Eg må nesten avbryta deg, for…

– Eg er utruleg takknemleg for at eg arbeider ein stad der dialekten tvert om har blitt sett pris på. For at kompisen min skal kunne gjera jobben på dialekt i framtida, så må media vera med å syna fram eit mangfald frå heile landet. Og orsak, men eg meiner altså at eit rikt dialektmangfald er viktigare enn den korrekt skrivne nynorsken. Var det ikkje fantastisk då Ingerid Stenvold byrja å bruka dialekten sin i Dagsrevyen? Eg tykkjer det er så utruleg viktig at me som mediehus speglar heile landet. Me skal ha ein nynorskprosent, og eg blir kjempeglad kvar gong eg ser ein nynorskartikkel på NRK.no. Men eg meiner at i det talte, i TV og i radio, der må ein kunne bruka det språket ein har vakse opp med.

– Ferdig?

– Og eg vil halda fram med å seia at eg kjem frå Sogn og Fjordane.

Kjartan Helleve

 

Fakta:
Ronny Brede Aase

Vinnar av Kringkastingsprisen 2019
Frå Førde, fødd 1986.
Journalist, og særleg kjend som programleiar i P3 Morgon
Har fått ei rad utmerkingar, m.a. Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar (2009) og Årets programleiar fleire gonger.