Den magiske grensa passert

Fungerande språksjef Ingvild Bryn, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og vikarierande kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen gler seg over at NRK har klart nynorskkravet. (Foto: Øyvind Werner Øfsti / NRK)

For første gong nokosinne har NRK greidd kravet om 25 % nynorsk i sendingane sine. 25,2 % vart resultatet i 2019.

 – Dette er utruleg viktig. Eg tykkjer faktisk det er litt flautt at me ikkje har fått det til før, sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK.no.

– Det har betydd mykje at Ingvild Bryn og Språkstyret har vore så oppmuntrande og skapt sjølvtillit hos medarbeidarane, slik at mange er blitt tryggare på å bruka nynorsk, seier Eriksen.

Ingvild Bryn sjølv vil heller retta ljoset mot kringkastingssjefen. Ho meiner at det er få om nokon kringkastingssjef som har teke dette arbeidet som han. I 2018 stod han på scena under Nynorskkonferansen i Førde og sa at 2019 var året då NRK skulle greia kravet.

– Saman gav dette ei heilt anna tyngd til språkarbeidet, fortel Bryn.

– Då kunne ein berre syna til at dette var noko sjefen hadde sagt. Det gav også ei heilt anna forståing nedover i redaksjonane om at dette var eit viktig arbeid. Det avgjerande var å få opp nynorskprosenten på nett. Me arbeidde med å få journalistar til å børsta støv av nynorskkunnskapen sin, me køyrde kursa våre, og mot slutten av året vart også nynorskroboten nytta. Men det har først og fremst blitt gjort eit løft i distriktskontora på Vestlandet, der det vart gjort målretta arbeid for å få opp prosenten. Mot slutten av året gjekk det sport i det, og det vart utlova ein premie til den redaksjonen som gjorde det best. Og det fungerte tydelegvis. Det ville vore for ille å enda på 24, 99 %, seier ho.

–Gratulerer!

– Me vil gratulera alle journalistar, redaktørar, programsekretærar, språksjefar og kringkastingssjefar med innsats. Godt jobba!, seier Kathrine Nygård, leiar i Kringkastingsringen.

– I mange år opplevde me at NRK tok for lett på dette kravet og nynorsken stod litt på staden kvil, men med små opp- og nedturar. Dei siste åra har me sett ein langt større innsats, og det er no me får dei hyggjelege resultata som me har venta på så lenge. Innsatsen såg ein moglegvis først i løftet som kom i NRK Super for seks-sju år sidan. Sidan har det også betra seg i dei andre kanalane. Grunnen til at ein no greidde å bikka det magiske talet, var tydelege signal frå kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen gjennom heile året om at dette var viktig. Det gav resultat, meiner Nygård.

Ho ser at det er råd å diskutera korleis ein måler nynorsk. Å dela dialektbruken i to er ein romsleg måte å måla språkbruk på. Ho meiner likevel at tala syner språkmangfaldet i NRK, og at å ha eit konkret tal å strekkja seg etter har vore viktig.

– Om ein ikkje hadde sett seg eit konkret mål, hadde truleg nynorskprosenten vore mykje lågare. Då vedtaket om 25 prosent kom i 1970, var prosenten på om lag berre halvparten. Difor har 25 vore eit slags magisk tal for oss i målrørsla. Eg er overtydd om at arbeidet til både Kringkastingsringen og resten av målrørsla har vore heilt avgjerande for å halda denne saka varm, tiår etter tiår. Eg skulle gjerne teke æra for at ein endeleg har fått fullt gjennomslag, men eg trur at siste lodd på vekta kom då NRK forstod alvoret i at språket også er ein stor del av samfunnsoppdraget dei har, seier Nygård.

Blanda reaksjonar frå målrørsla

Nestleiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner det var på høg tid at NRK klarte å oppfylla kravet dei har hatt over seg i 50 år.

– Dette er ein historisk dag og veldig viktig. Dette handlar om at nordmenn skal få møta meir nynorsk i kvardagen. Me blir overfløymde av bokmål i kvardagen. Då er det viktig å visa at nynorsk er eit minst like godt pressemål, sa Hauge til statskanalen.

Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark meinte derimot at det enno var ein veg å gå.

– Det avgjerande for nynorskbrukarane er kor mykje skriftleg nynorsk som blir publisert på NRK.no, sa Sandsmark i pressemelding då tala var klare.

– Der har dei framleis langt igjen, med under 20 prosent nynorsk innhald, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark. Nynorskbrukarane har få sjansar til å sjå språket sitt i bruk i riksmedia. Med unntak av Dag og Tid, ein del av tekstinga i VG TV og noko nynorsk i nisjeavisene Klassekampen, Nationen, Vårt Land og Dagen, får ikkje dei om lag 500 000–600 000 nynorskbrukarane sjå språket sitt i riksmedia, hevda han.

Må stå på

Ingvild Bryn gjev Sandsmark mykje rett i kritikken.

– Eg er heilt samd i at 18, 1 % prosent på nett ikkje er godt nok. Og personleg meiner eg at det viktigaste er at ein kan lesa språket sitt, og aller viktigast er dette for dei unge. Men det er ein oppgang, det går rette vegen. Så me må ikkje kvila på laurbæra, men halda fram med same kraft også frametter. Dette er noko kringkastingssjefen også har understreka. Men det er sårbart. Det skal ikkje meir til enn at ein nynorskskrivande i nettredaksjonen skal ut i permisjon før ein ser prosenten går ned. Så det viktigaste tiltaket er å tenkja på dette når ein tilset nye folk, seier Bryn.

Kjartan Helleve

 

Fakta:

Kravet om 25 % nynorsk i NRK vart først vedteke som ein merknad til innstillinga frå Vogt-komiteen i 1970. Ordlyden var: «hovedregelen må være å gi nynorsken en plass som i det minste svarer til en fjerdedel av ordsendingene.»

NRK- plakaten definerer krava staten set til NRK, og set råmene for verksemda. Han vart vedteken i 2007 og revidert i 2014 og 2017. § 19 lyder «NRKs tilbud skal i hovedsak ha norskspråklig innhold, og minst 25 pst. av innholdet skal være på nynorsk.»

I 2007 vedtok NRK nye språkreglar som opna for meir bruk av dialekt. I programinformasjon og nyhendesendingar skal ein normalt sett nytta «offisielt nynorsk og bokmål». Tale som blir rekna som dialekt, blir samla i ein pott, og fordelt likt mellom bokmål og nynorsk.

2019 vart det fyrste året der NRK greidde målet om 25 % nynorsk.