Radiones nye Klæder?

Er det eigentleg nokon skilnad på eit radioprogram og ein podkast? Ja, meiner Ragnhild Fjellro.
– Podkasten kan vere mykje meir direkte, og ein kan oppleve innhaldet sterkare og nærare.

Podkasting er ein måte å distribuere prat digitalt. Ein podkast er ei lyd- eller videofil som folk kan laste ned eller strøyme på pc-ar eller på mobiltelefonar. Ein typisk podcast er prat mellom to eller fleire personar om nyhende eller andre dagsaktuelle emne. Det er også typisk at det er episodar i seriar.
Namnet er delt i to. Pod: på 90-talet kom det små apparat som spelte MP3-filer som ein lasta ned frå nettet, meir eller mindre lovleg. Ipod var namnet på MP3-spelane frå Apple. Sidan har få sett ein walkman i bru k. Kasting: Tidleg på 2000-talet byrja folk å distribuere prat på same måten, prat som var meir eller mindre private samtalar. Dette vart ein måte å kringkaste praten på, og ein kunne abonnere på desse utsendingane gjennom nyhendevarslinga (RSS-feed). Nokre har kalla det for lydblogging.
Den generelle teknologiske utviklinga innan media gjorde at dette vart eit meir og meir aktuelt format. Dei store kringkastarane byrja å distribuere fjernsyn og radio på nye måtar og i opptak. I 2013 var det råd å laste ned om lag sytti ulike NRK-program som podkast. Samstundes dukka det opp strøymetenester for film og tv-seriar.
Det store gjennombrotet for podkasting som format kom i 2014 med den amerikanske serien «Serial». Brått fann eit stort publikum ut at dei kunne høyre på noko anna enn musikk og radio på telefonane sine. Podkast var ikkje lenger ein måte å høyre opp att gamle ting, det vart eit eige format.

Gamalt nytt?
Eller? «Serial» vart produsert av NPR, ein radiokanal. Også «This American Life», ein annan stor suksess, var i utgangspunktet eit radioprogram som starta allereie i 1995. Og om ein ser på lista over dei mest populære podkastane i Noreg i dag, er mange av dei opptak av radioprogram. I tillegg finn ein mange produsert av aviser, i tråd med den generelle utviklinga der aviser lagar radio og tv, og at fjernsynskanalar lagar nettavis. Er podkast eigentleg berre radio distribuert via nettet?
– Det er framleis råd å finne originale podkastar, seier Ragnhild Fjellro, universitetslektor ved OsloMet.
– Originalt var det ein eller annan «nerd» som snakka i ein litt over snittet god mikrofon og sende heimanfrå. Du finn framleis slike, men det er vanskeleg for desse å slå i gjennom. Dette handlar om distribusjon, om å ha ei etablert plattform. Dette er ein av grunnane til at podkastane frå NRK gjer det så godt, dei har allereie ei plattform der dei kan reklamere for og distribuere podkastane sine, seier Fjellro.

Kan gå nærare
Ho seier at skiljet mellom dei to formata kan vere vanskeleg å få auge på, og at det strengt tatt er snakk om radioprogram i opptak, minus musikken. Ho meiner likevel at podkast er eit eige format som har trekk som skil han frå vanleg radio.
– Mi oppfatning er at podkasten potensielt kan gå nærare enn eit radioprogram. Dette handlar om måten me høyrer på podkastar. Ein radio står ofte på i bakgrunnen, er meir som selskap, noko ein kan høyre på med eit halvt øyre. Podkasten kan vere mykje meir direkte, og ein kjem tettare på det som blir fortalt, ein opplever det som sterkare og nærare. Me tek eit direkte val, me lastar ned program og skrur det på når me går, eller gjer noko anna. Det er meir forpliktande, ein avtale mellom oss lyttarar og produsenten. Det gjer oss til eit meir lyttande publikum, seier Fjellro.

Meir impulsiv
Ho meiner at dette kan gjere at det blir skapt eit rom for å kunne snakke om vanlege emne på ein ny måte.
– Det uformelle formatet liknar på det ein kan kalle autentisk. Normal journalistikk skal presentere saka, spisse problemstillinga og få fram alle sider. Men når eg underviser studentane i å lage podkast, så seier eg at dei ikkje må førebu seg for mykje. For ein podkast bør vere meir umiddelbar, og høyrest meir impulsiv og flytande ut. Det er dette eg synest er den mest interessante skilnaden, og som gjer at folk knyter seg tettare til formatet. Og eg trur det er ein god ting. Det er ei demokratisering av kva som er verdige emne å snakke om, det er ei demokratisering av korleis ein snakkar om ulike emne. Ja, det er lettvint, og kan høyrast uredigert og lite planlagt ut, men det er noko anna, hevdar Fjellro.
Ho trur at det kjem til å bli mindre og mindre bruk av lineær tv og radio, og at podkast berre er ein del av denne utviklinga.
– Lyttarane og sjåarane vil i stadig større grad lage sin eigen mediekvardag, og mange nyt fridomen podkastar og nett-tv gjev dei. I eit slikt perspektiv kan det vere freistande å spå undergangen for eit gamalt format, men ingenting kan tevle med direktesendingar, om det så er sport eller pressekonferansar om koronaepidemien.

Kjartan Helleve

(Henta frå Kringom 2-2020)