Høyringsnotat Mediestøttelova

Her er notatet me hadde med oss til høyringa om Prop. 138 L (2019-2020): Lov om økonomisk støtte til mediene (mediestøtteloven) 10.11.20:

 Hovudpoeng: Den trykte pressa er særs viktig for eit levande norsk språk. Det må vera nemnt i det sentrale styringsdokumentet for mediestøtta. Me gjer framlegg om fylgjande tillegg under § 5:
«Ordningen skal styrke norsk språk og fremme likestilling mellom bokmål og nynorsk.»

Argumentasjon: Statlege støtteordningar har meir enn berre éin funksjon. Slik er det også med mediestøtta. Eit døme er dei ulike krava som er nedfelte i NRK-plakaten, og i den gjeldande avtalen mellom staten og TV 2 om «levering av kommersielle allmennkringkastertjenester» frå 2018, er det t.d. eit punkt om at båe dei offisielle norske målformene skal nyttast.

Men det er ikkje nok at språk er nemnt i dei einskilde avtalane. Det må også inn i det sentrale styringsdokumentet for mediestøtte.

Utvalet som leverte NOU 2017: 7 Det norske mediemangfoldet — En styrket mediepolitikk for borgerne har med eit punkt om språk, under korleis dei oppfattar mandatet sitt: «Utvalget vil understreke at alle norske nyhetsmedier, herunder allmennkringkasterne, har sentral betydning for Norges språk og kultur, og legger denne forståelsen til grunn for sine vurderinger. Særlig er det grunn til å fremheve hvor stor betydning mediebruken av nynorsk og samisk har for denne målformen og dette språket.»

 Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid kjem også inn på dette poenget: «Mediestøtta er viktig for å bevare eit mangfald av medium og journalistisk produksjon over heile landet. Nyheitsmedia som mediestøtta er til for, har samfunnsverdi – for demokratisk meiningsdanning, for kontroll av maktutøving og for språk, kultur og identitet.»

Ein treng faktisk berre lesa framlegget til lov som no ligg på bordet for å finna fleire døme. § 6 om samiske media syner at det er teke andre omsyn enn berre det som styrkjer den redaksjonelle fridomen.

Det skulle difor vera mogleg for departementet å skriva inn eit punkt som handlar om nynorsk utan å skipla målet med lova. Det har dei ikkje funne plass til. Dei seier det ikkje er hensiktsmessig. Kringkastingsringen meiner at det ikkje held mål.

I framlegget til Språklov heiter det: «Føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for.» Lova slår fast at styresmaktene har eit ansvar for å fremja norsk språk. Mediestøtta, både den direkte og indirekte, er mellom dei mest konkrete støtteordningane til norsk språk.

Då bør det stå meir om språk i Mediestøttelova.