Vil ha fleire nynorskjournalistar i NRK

Inger Johanne Ruset

Vil ha fleire nynorskjournalistar i NRK

I fjor greidde ikkje NRK kravet om 25 prosent nynorsk i kanalane sine. Dermed blir 2019 det einaste året der målet vart nådd. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen meiner at grunnen er koronaviruset og mange direktesendingar utan nynorsk tale, og at dei skal «skjerpe seg».

– Det er berre éi løysing på dette: tilset fleire nynorskjournalistar, seier Inger Johanne Ruset, leiar i Kringkastingsringen.

– Det er flott med krafttak, stimulering av sovande nynorskbrukarar og språkkontaktar i redaksjonane. Men det som verkeleg hadde vore til hjelp, var om nynorsk hadde kome lengre opp på prioriteringslista når ein skal tilsetja nye journalistar. I aktualitetskanalane NRK1, P2, P3 og ikkje minst NRK.no, har nynorsktala vore jamt låge i mange år. Om NRK verkeleg vil «skjerpe seg», så er fleire nynorskjournalistar i desse kanalane den naturlege staden å starta, meiner Ruset.

Ho registrerer at NRK-sjefen legg noko av skulda på koronaviruset, men meiner at problema stikk djupare enn som så.

– Den ekstraordinære situasjonen har heller avslørt korleis det eigentleg står til i aktualitetsprogramma og i nettredaksjonane. Om det var nok nynorskjournalistar i NRK, så ville ikkje denne situasjonen hatt så mykje å seia for nynorskprosenten. Ein skulle tru viruset råka språkformene nokolunde jamt. No ser det ut til at nynorsk er noko ein held på med på solskinsdagar og i medvind, men om det smell og buttar i mot, så fell ein ned på bokmål. Eg tykkjer det er synd, seier Ruset som lovar å ta opp problemstillinga med NRK-sjefen ved første høve.