Author Archives: admin

Privat, nordisk TV-gigant?

A-pressa er i ferd med å selja andelen sin i TV2 til Egmont. Dette ser fleire medievitarar og -analytikarar som fyrste steget mot ein nordisk TV-gigant der TV 2 vert ei norsk «lokalavdeling». Les saka i Dagbladet.

Posted in Medienytt | Tagged , , , | Leave a comment

Berre bokmål i «stallkyrkjene»?

For 2012 har NRK valt ut seks kyrkjer som skal vera «stallkyrkjer» og kvar levera fire radiogudstenester i året. Alle dei seks kyrkjene ligg i bokmålsområde: Kroken kirke i Tromsø, Oslo Misjonskirke Betlehem, Bodin kirke i Bodø, Trefoldighetskirken i Arendal, … Continue reading

Posted in Medienytt | Leave a comment

Nærmar TV 2 seg TVNorge

Det meiner TVNorge, men TV 2 er naturlegvis ikkje samd. Les meir i Kampanje.

Posted in Medienytt | Leave a comment

Erling Lægreid er død

Den kjende og kjære nynorskrøysta Erling Lægreid døydde i dag, 25. november. Han vart 72 år gamal. Les meir hjå NRK. Ottar Grepstad minnest Erling Lægreid her.

Posted in Medienytt | Leave a comment

Sjå utdelinga av Kringkastingsprisen 2011

Fekk du ikkje med deg prisutdelinga i går? Her kan du sjå utdelinga i nett-tv!

Posted in Kringkastingsprisen, Video | Tagged , , , | Leave a comment

Morten Sandøy (TV2) fekk Kringkastingsprisen 2011

På ein pressekonferanse i 22. november 2011 fekk Morten Sandøy Kringkastingsprisen for arbeidet som ankermann og programleiar i TV 2.

Posted in Kringkastingsprisen | Tagged , , , | Leave a comment

Kringkastingsprisen 2011 til Morten Sandøy

PRESSEMELDING FRÅ KRINGKASTINGSRINGEN 22.11.2011 ** Kringkastingsprisen 2011 til Morten Sandøy Utdelinga skjer på Det Norske Teatret tysdag 22. november klokka 11:00 Kringkastingsprisen 2011 går til Morten Sandøy. – Morten Sandøy er ein av berebjelkane for den språklege profilen TV 2-nyhenda … Continue reading

Posted in Kringkastingsprisen, Pressemelding | Tagged , , | Leave a comment

TV2 på svenske hender?

Svenske TV4 (eigd av Bonnier-gruppa) kan vera interesserte i å kjøpa A-pressa sin del av TV2. Det kan opna for ein nordisk mediegigant. Les meir hjå E24.

Posted in Medienytt | Tagged , , | Leave a comment

Vaffelhjarta

Serien Vaffelhjarte er i god gang på NRKSuper. Du kan sjå ferske episodar kvar sundag klokka 18.10, eller alle episodane på nett. Samlaget har òg kome med eit nytt opplag av boka i år.

Posted in Medienytt | Leave a comment

Mediedagane i gang

Dei nynorske mediedagane står for døra 20-22.10, med mellom anna Valkyrien Allstars og Erling Lægreid. Les meir hjå Mediemållaget.

Posted in Medienytt | Leave a comment