Category Archives: Medienytt

Erling Lægreid er død

Den kjende og kjære nynorskrøysta Erling Lægreid døydde i dag, 25. november. Han vart 72 år gamal. Les meir hjå NRK. Ottar Grepstad minnest Erling Lægreid her.

Posted in Medienytt | Leave a comment

TV2 på svenske hender?

Svenske TV4 (eigd av Bonnier-gruppa) kan vera interesserte i å kjøpa A-pressa sin del av TV2. Det kan opna for ein nordisk mediegigant. Les meir hjå E24.

Posted in Medienytt | Tagged , , | Leave a comment

Vaffelhjarta

Serien Vaffelhjarte er i god gang på NRKSuper. Du kan sjå ferske episodar kvar sundag klokka 18.10, eller alle episodane på nett. Samlaget har òg kome med eit nytt opplag av boka i år.

Posted in Medienytt | Leave a comment

Mediedagane i gang

Dei nynorske mediedagane står for døra 20-22.10, med mellom anna Valkyrien Allstars og Erling Lægreid. Les meir hjå Mediemållaget.

Posted in Medienytt | Leave a comment

Positive til NRK-strategi

NRK har lagt fram strategi for 2012–17. Kanalen fokuserer no mindre på lydar- og sjåartal, og meir på at programma «ålmenverdi». Morgonbladet på leiarplass (23.09.11) er positive, det same er Andreas Wiese i Dagbladet

Posted in Medienytt | Tagged , | Leave a comment

Krev nynorsk kinotekst

Kulturdepartementet ønskjer å krevja at norsk film som får statsstønad òg må ha norsk tekst for høyrslehemma. Norsk Målungdom krev at filmane må få tekst både på bokmål og nynorsk. Les meir hjå Norsk Målungdom (sjå òg sak i Framtida)

Posted in Medienytt | Tagged , , | 2 Comments

Tek ein runde til …

Oddgeir Bruaset, programleiar for den svært populære TV-serien Der ingen skulle tru, lot seg overtale til å laga enno ein sesong, sjølv om han eigentleg planla å pensjonera seg. Les meir hjå Dagbladet

Posted in Medienytt | Tagged , | Leave a comment

Når ut til 87 prosent

I den nye Forbruker & Media-granskinga frå TNS Gallup går det fram at NRK når ut til 87 prosent av alle i Noreg. Slik overoppfyller NRK målet om å nå ut til 80 prosent, men kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas vil ikkje … Continue reading

Posted in Medienytt | Tagged | Leave a comment

Vil sikra tilgang til sport

I dag legg kulturministeren fram eit framlegg om å «listeføra» viktige sportsarrangement. Ei slik ordning vil gje allmennkringkastarar rett til å kjøpa senderettar til dei «store» sportsarrangementa, som OL, VM/EM i fotball (menn) og handball (kvinner), cupfinalen, VM på ski … Continue reading

Posted in Medienytt | Tagged , , | Leave a comment

Flytter «Her og nå»

NRK P1 flytter programposten Her og nå frå klokka tre til fem om ettermiddagen, og skal flytta programflata med minst 30 prosent musikk. Vedtaket om å flytta programmet kom etter ei undersøking synte at P1-lyttarane reagerer negativt på nyhende. Programleiar … Continue reading

Posted in Medienytt | Tagged , , , | Leave a comment