I grunngjevinga legg juryen vekt på at Molvær kommuniserer med sjåarane på ein framifrå måte. Ho evnar å formidle vitskapleg stoff slik at det blir forståeleg for folk flest utan at det blir banalt. Språket hennar er variert og ho får òg skryt for faktorar som passe tempo og god artikulasjon. I tillegg blir det lagt vekt på at ho presenterer vitskapleg stoff på ein måte som viser at nynorsk eignar seg godt på alle felt. Dessutan balanserer ho mellom normert nynorsk og sunnmørsdialekt slik at uttrykket blir personleg og naturleg.
Utan at det har fått avgjerande vekt, legg juryen òg til grunn at Molvær representerer ein programkategori som i stor grad er med på å gje allmennkringkastingsomgrepet eit innhald i tråd med Kringkastingsringens verdiar.
- I ei tid då det har vore på tale å leggje ned programposten du leiar, håper juryen også at Kringkastingsprisen kan stimulere til at de får halde fram, sa styreleiar Unn Aarrestad då ho delte ut prisen på Det Norske Teatret 24. april.
Gry Molvær (f. 1970) kjem frå Sula på Sunnmøre. Ho har journalistutdanning frå Høgskulen i Volda med spesialisering i avisjournalistikk og mellomfag i statsvitskap frå Høgskolen i Molde. Etter ein praksisperiode i Sunnmørsposten byrja ho i 1994 i NRK Møre og Romsdal som nyheitsjournalist i radio. I 1997 gjekk ho over til fjernsynet som reportar og programleiar i Nordvestrevyen før ho kom til NRK Program riks i Trondheim hausten 1999. I dag er ho landskjent som programleiar av det populære forskingsmagasinet "Schrödingers katt" i NRK 1. Kvar torsdag engasjerer Molvær mellom 500 000 og 600 000 nordmenn i beste sendetid med eit seriøst kunnskapsprogram.
Kollegaer av Molvær seier det er gledeleg at nettopp ho får prisen.
- Gry legg svært mykje arbeid i den språklege presentasjonen. Stoffet er ofte komplekst og det stiller store krav til den som skal formidle det til sjåarane. Derfor må ho tenkje nøye gjennom kvart ord ho seier. Det må bli riktig for dei som kjenner fagområdet godt, samtidig som det må vere forståeleg for alle andre. Det er ein balansegang ho meistrar på ein fabelaktig måte.
Meir informasjon får ein ved å ta kontakt med
Unn Aarrestad, styreleiar, tlf. 975 62 035
Knut E. Karlsen, dagleg leiar, tlf. 908 77 487