Arne HjeltnesKringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad, Delt stein, av kunstnaren Sveinung Iversen frå Voss.
I grunngjevinga framhevar juryen at Hjeltnes bruker nynorsk og dialekt i andre samanhengar enn der ein oftast høyrer desse målformene. Han snakkar eit enkelt og levande språk som folk forstår. Dette gjer Arne Hjeltnes god å høyre på. Med eit ledig nynorsknært talemål med solid forankring i vossadialekten er han ein framifrå ambassadør for nynorsk som etermediespråk. - Kringkastingsringen ønskjer å heidre deg fordi du i mange år har vore ein profilert nynorsk- og dialekttalande programleiar i fjernsynet. Språket ditt er naturleg, og du formidlar stoff med humor og eit glimt i auga, seier styreleiar Unn Aarrestad.
Arne Hjeltnes, fødd (1963) har arbeidd i TV2 sidan oppstarten. Han har delteke i ei rekkje program, men er først og fremst kjent frå programmet "Gutta på tur", der han saman med Arne Brimi, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhli, har gledd norske fjernsynssjåarar i ei årrekkje. Arne Hjeltnes har også gjeve ut fleire bøker, både reisehandbok, kokebok og diktsamlingar.
Hjeltnes er særs populær som programleiar. Ein av grunnane trur me er den lune og folkelege tonen han held. Det er som om heile landet får vera med på leir i programma med Hjeltnes.
Hjeltnes held gjerne ap og skøy med nynorsken i "timane" rundt leirbålet, men han gjer det som ein som er trygg og glad i språket og omgrepa han tyr til. På denne måten vert han eit førebilete for oss som pratar dialekt og nynorsk og gjev oss eit positivt bilete av språket vårt.
Utdelinga gjekk føre seg på Det Norske Teatret tysdag 8. april kl 1100.