Kringkastingsprisen 2005 går til Are Kalvø

Utdelinga går føre seg på Det Norske Teatret fredag 30.september kl 12.30

I grunngjevinga framhevar juryen at Are Kalvø er ein av kringkastinga sine fremste nynorskbrukarar. Han har nytta nynorsk og dialekt i satireprogrammet «Hallo i uken» sidan 1993, og har her vore med å forma satiresjangeren og gjort han til sin eigen. Her har Kalvø nytta eit folkeleg nynorsk som både er humoristisk og slåande. Slik har han slått an med nynorsk i vide krinsar, og blitt ein folkekjære humorist i Noreg. Ikkje minst har Kalvø medverka til at ein kan tulle på nynorsk, ikkje berre med nynorsk. Han har etterkvart utvida verkeområda sine og er no både forfattar, skodespelar og spaltist. Slik spreiier Kalvø nynorsken vidare og inn i krinsar der nynorsken ikkje alltid står like sterkt.

– Kringkastingsringen ønskjer å heidre Are Kalvø fordi han er ein god ambassadør for nynorsken. Me er mange som set oss framfor radioen for høyre han. Med eit tydeleg språk, anten nynorsk eller ei kva for dialekt som helst. Are Kalvø er ei særs populær radiorøyst, og det er mange som ynskjer at han skal få denne prisen.

Are Kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda på Sunnmøre. Kalvø er mest kjend som programleiar i NRK P2s satiriske vekemagasin «Hallo i uken», men har òg vore radiokåsør i NRK, programeleiar i NRK Nattradioen og er spaltist i spaltist i Dagsavisen og Bergens Tidende. Han har og skrive ei rad med bøker og debuterte i fjor som skjønnlitterær forfattar. For tida er han aktuell med revyen «Det folk vil ha» på Det Norske Teatret.

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad, Delt stein, av kunstnaren Sveinung Iversen frå Voss.

Pressa er velkommen til å møte prisvinnaren under utdelinga.

For meir informasjon:
Unn Aarrestad, styreleiar, tlf. 975 62 035
Marit Aakre Tennø, dagleg leiar, tlf. 454 71 716