Vi delte ut kringkastingsprisen for 2007 på Det Norske Teateret tysdag 23. oktober. Prisen gjekk til Ingerid Stenvold for å for å bruka Målselv-dialekt på ein god måte i media.
Det er medlemmene i Kringkastingsringen som nominerer kandidatar til prisen, og i år fekk styret inn to forslag frå to medlemmer, med heilt ulik grunngjeving for kvifor vi skulle gje prisen til Stenvold. I grunngjevinga frå styret la vi vekt på at Ingerid Stenvold brukar ei dialekt som ikkje er vanleg å høyra i media, og at ho i fleire samanhengar har forsvart retten til å bruka dialekten i sendingar som før berre har tillate normert språk.
Kringkastingsprisen har heller aldri gått til ein person nord for Trøndelag.
Stenvold (30) har utdanning frå Journalisthøgskolen i Oslo og har tidlegare arbeidd fleire år som radioreporter i NRK Troms og i P3 i Trondheim. Ho har òg blitt brukt til andre tunge programleiaroppgåver i NRK, som til dømes på innsamlingsaksjonen i 2006 og 2007.
Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.
Vi kjem tilbake med bilete og meir stoff om sjølve utdelinga.
Les òg:
– Flott at Stenvold får bruka dialekt (16.12.2009)