Hald TV2 i Bergen

Hald TV2 i Bergen

Når konsesjonen til det digitale bakkenettet vert offentleg om nokre månader, vil han gå til Noregs Televisjon, som er einaste søkjar. Noregs Televisjon er ått av Telenor, NRK og TV2. Då vil arbeidet med å bygge ut det digitale bakkenettet ta til.

TV2 signaliserer no igjen at dei då ikkje vil betale for ein konsesjon og såleis ikkje ser seg bunden av pliktene som allmennkringkastar.

TV2 har tidlegare signalisert at dei ikkje vil betale millionar av kroner for ein konsesjon etter at det digitale bakkenettet er utbygd. I dag gjer dette at TV2 får sende i det analoge bakkenettet saman med NRK og såleis når ut til heile landet. TVNorge og TV3 som ikkje betalar konsesjon, må distribuere sendingane sine via kabel eller parabol. Dette fører til at dei når på langt nær så mange sjåarar som NRK og TV2.

Med eit digitalt bakkenett som i fyrste omgang vil ha plass til mellom 15 og 35 kanalar, vil alle kanalane nå like mange sjåarar. Då vil ikkje TV2 betale for eit gode dei ikkje lenger har. Og utan konsesjon er det få krav staten kan stille til kanalen.

Bergens Tidende spekulerer no i om ei lausriving frå konsesjonen vil føre til flytting frå Bergen. Sjølv om konserndirektør Valebrokk ikkje stadfestar dette, vil ein utan ein konsesjon ikkje lengre vere bunden av kravet om å ha hovudkontor i Bergen. Det at TV2 har halde til i Bergen har i stor grad ført til at dei, utan krav om ein nynorskprosent, har rekruttert nynorskjournalistar. TV2 har til tider framstått som flaggskipet i høve nynorske nyhendeopplesarar. Og dei vidgjetne vêrdamene melder vêr på nynorsknære dialektar. Det er ikkje tvil om at TV2 har betydd mykje for nynorsken og for statusen til dialektane. Utan eit TV2 i Bergen trur eg ikkje dette hadde vore mogeleg. Om TV2 utan ein allmennkringkastingskonsesjon flyttar frå Bergen, vil det ikkje berre bety at nynorsken og dialektane får dårlegare kår, men det vil òg bety at Oslo-dominansen i nyhendebilete vil bli forsterka.

TV2, har i eigenskap av å halde til i Bergen, tydd til andre ekspertar og andre fagfolk enn NRK. Dette har ein demokratiserande effekt på debatten. Og vi har fått rikssynsarar utanfor Oslo. Frank Aarebrot er eit godt døme som den siste tida har snakka nynorsken si sak. Med eit TV2 i Oslo vil vi få eit medie-Noreg som i endå større grad enn i dag ferdast i dei same miljøa og er oppteke av dei same sakene. Dette utgjer eit demokratisk problem.

Med ei utdeling av konsesjon og utbygging av det digitale bakkenettet må difor den nye kulturministeren ta grep og framleis sikre eit medietilbod for alle. Ikkje berre gjennom NRK men òg hjå dei kommersielle aktørane. Berre slik kan ein få eit mediemangfald i Noreg, eit mangfald som ikkje berre tyder fleire kanalar, men òg eit medietilbod som speglar mangfaldet i Noreg.

Marit Aakre Tennø
Dagleg leiar i Kringkastingsringen

Norsk Tidend nr 5-2005