Gratulerer Noregs Mållag!
I fjor var vi 50 år, og feira med stor ståhei. I år er det Noregs Mållag sin tur. I heile 2006 vil Noregs Mållag feire sitt eige 100 års jubileum.
Skipinga av Kringkastingsringen var ein direkte reaksjon på det mange opplevde som eit Noregs Mållag som var meir opptekne av indre strid om normering enn kampen for meir nynorsk ute i samfunnet. Fleire i leiinga i Noregs Mållag var skeptisk til skipinga av Kringkastingsringen og det tok nokre år før organisasjonen godtok Kringkastingsringen.
I dag er tilhøvet eit heilt anna. Kringkastingsringen er samlokalisert med Noregs Mållag og vi kan dra vekslar på kvarandre sine røynsler. Noregs Mållag skal ta seg av heile den nynorske verda. Kringkastingsringen treng berre arbeide for meir nynorsk i media.
I dag er ikkje Noregs Mållag hemma av indre strid. Og det er heller ikkje slik at Mållaget ikkje er oppteken av nynorsken i media. I 2005 var det nettopp mållaget som hadde kampanjen «Slepp nynorsken til! – opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG». Kampanjen har av nokon blitt omtala som den mest vellukka i moderne mållagstid. 36 000 underskrifter vart samla.
Ei gladmelding var det difor når Nationen, på same dag som jubileet opna, melde på fyrstesida at: «3 av 10 vil ha meir tabloid-nynorsk». Tretti prosent av folket i Noreg ynskjer seg meir nynorsk i tabloidavisene. Dette er gode nyhende. Mållaget sin kampanje «slepp nynorsken til!» har fått opp auga til folk om at nynorsken ikkje har fått sitt rettkome rom på alle områder av samfunnslivet. Denne kampanjen banar òg vegen for andre nynorsksaker.
Svært gledeleg er til no i inngangen til jubileet at NRK har sett ned tiltak for å betre nynorskprosenten på sine nettsider. Kringkastingsringen har etterlyst dette og ser med glede på tiltaket.
Mellom anna vil NRK gjere sine medarbeidarar merksam på at dei har plikt til å bruke nynorsk på NRK.no og dei andre nye elektroniske mediekanalane til NRK, til dømes ved å skrive artiklar på internsidene sine.
Eit samarbeid med nynorsk mediesenter er òg eit av tiltaka. Mediesenteret skal lære opp nettmedarbeidarar til å bli sikre nok nynorsknyttarar til skrive nynorsk aktivt , sjølv om dei i utgangspunktet er bokmålsbrukarar. Dette er eit framifrå tiltak. Her syner NRK at dei meiner alvor, og at alle i staben må ta ansvar for nynorskprosenten. Slik vert nynorsknyttarane ikkje åleine om den relativt store oppgåve det er å halde oppe nynorskprosenten i NRK.
Kringkastingsringen meiner det er god grunn til å gle seg over desse tiltaka, men at for å kunne sjekke verknaden av dei må nettsidene kome under målregistreringa slik at dei syner att i dei offentlege statistikkane. Dette vil Kringkastingsringen arbeide for i jubileumsåret til mållaget. Eit år som har starta svært bra for nynorsken.
Til lukke vidare!